Hopp til innhold

Undervisningspersonale 2026/2027

Arbeidsgiver

Hyllestad Skule

Sted

Lifjordvegen 6, 6957 Hyllestad

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Vi søkjer etter undervisningspersonale til Hyllestad skule frå 1.8.2026.

Oppstart
1. august 2026
Stillingstittel
Lærer (grunnskole)
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Hva vi ser etter

Vi søkjer etter ein medspelar som ønskjer å vere med å forme Hyllestadskulen framover. Som lærar får du høve til å påvirke kvardagen til elevane og kollegaene, fremje positiv endring og skape eit støttande læringsmiljø. Om du har lyst til å vere med oss på laget - ikkje nøl, send oss ein søknad. Vi gledar oss til den dukkar opp i innboksen vår!

Arbeidsoppgaver

Undervisningspersonale med godkjent pedagogisk utdanning:

  • Tysklærar for elevar på ungdomstrinnet.

  • Andre aktuelle fag er norsk, matematikk, krle, kunst og handverk og kroppsøving - dette gjeld både 1. - 7. klasse og 5. - 10. klasse.

Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetting. I tråd med lov- og regelverk må vi ha politiattest og eigenerklæring knytt til tuberkulose/MRSA på plass før tiltreding.

Vi tilbyr

  • Du vil få ein interessant, spennande, meiningsfull og variert arbeidskvardag på vår nyoppussa 1.-10. skule

  • Du kan utgjere ein forskjel for dei ca 113 elevane i Hyllestad og du får høve til å påverke skulemiljøet

  • Som lærar vil du ha forholdsvis få elevar å følgje opp

  • Kompetente kollegaer i eit etablert fagmiljø, 28 kollegaer ventar på deg!

  • Skuleåret 2026/2027 skal skulen vere pilot for utprøving av valfag for 5.-7.kl.

Vi ønskjer oss deg som vil vere med å sikre god undervisning og bidra til eit trygt, varmt og inkluderande lærings- og skulemiljø.

I tillegg vert du medlem i SPK, eit av landets beste pensjonsordningar.

Om bedriften

Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar. Og - her er plass til fleire, kanskje akkurat deg?

Vi har ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold, fritids- og aktivitetstilbod for både store og små - og rimelege barnehageplassar.

Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk ut hyllestadinfo

Hyllestad skule og sfo er ein 1-10-skule, den einaste skulen i Hyllestad kommune. Skulen ligg fint til i Hyllestad sentrum, idrettshallen er i nabobygget og idrettsbana rett attmed. Her er kort veg til skog, turområder og sjøen.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

733fcfe8-9ccb-460c-809c-727b99cce868

Sist endret

14. april 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

733fcfe8-9ccb-460c-809c-727b99cce868

Lignende annonser

Laster lignende annonser