Ledige stillingar som barnehagelærarar i Yksnebjør barnehage – bli med på laget vårt!
Fjaler kommune Yksnebjør barnehage
Yksnebjørvegen 19-21, 6963 Dale i Sunnfjord
Om jobben
- Type ansettelse
- Annet, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Mulighet for hjemmekontorAI
- Ingen mulighet for hjemmekontor
Bruk av kunstig intelligens
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. mai
Har du eit varmt hjarte for barn, og ønskjer å vere med og skape gode kvardagar fylt med leik, læring og omsorg? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
I Yksnebjør barnehage har vi no ledig:
- Ei fast stilling i 100 % som barnehagelærar frå 01. august 2026
- Eit vikariat i 100 % stilling som barnehagelærar frå 17. august 2026 til 17. august 2027, med mogelegheit for forlenging
Hjå oss blir du ein viktig del av eit engasjert fagmiljø der vi saman jobbar for at barna skal oppleve tryggleik, meistring og glede i kvardagen.
Kvalifikasjonar:
- Pedagogisk utdanning som barnehagelærar (anna treårig pedagogisk utdanning kan også vurderast).
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Godkjend politiattest må leggast fram før tiltreding.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge og gjennomføre pedagogisk arbeid på avdelinga.
- Ha tett og godt samarbeid med føresette.
- Medansvar for eit trygt og inspirerande leike- og læringsmiljø.
- Vere ein aktiv deltakar i kollegiet.
- Pedagogisk dokumentasjon av arbeidet.
- Bidra til ein god refleksjons- og attendemeldingskultur.
Personlege eigenskapar
- Gode relasjonelle ferdigheiter i møte med barn og vaksne.
- Evne til å arbeide både sjølvstendig og i team.
- Løysingsorientert i ein aktiv kvardag.
- Stabilt godt humør og stå-på-vilje.
Vi tilbyr
- Ein variert, meiningsfull og kjekk kvardag.
- Eit godt arbeidsmiljø med inkluderande og dyktige kollegaer.
- Løn etter gjeldande avtaleverk.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Givande dagar saman med flotte barn.
Ta gjerne kontakt med oss dersom du har spørsmål om stillinga.
Kontaktperson:Styrar Marita Jacobsen
- tlf. 41 40 15 28
- e-post: Marita.Jacobsen@fjaler.kommune.no
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7037408b-9197-45a4-8291-a6b7f8a41a30
- Sist endret
17. april 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3619277_178067_nn