Hopp til innhold

Er du utdanna ergoterapeut - Bli med på laget vårt!

Arbeidsgiver

Askvoll kommune Helse

Sted

Askvoll legesenter, 6980 Askvoll

Om jobben

Stillingstittel
Ergoterapeut 100% fast stilling i Askvoll kommune
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 25. mai

Helseetaten i Askvoll har frå snarast eller etter nærare avtale ledig 100% fast stilling som ergoterapeut, arbeid etter 37,5 t/veke.

Er du ergoterapeut og vil vere med å påverke og utvikle det faglege innhaldet på arbeidsplassen? Då er Askvoll kommune staden for deg. I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og
medverke til god livskvalitet. Helse og omsorgstenestene i kommunane står overfor spanande utfordringar på grunn av endra alderssamansetning i befolkninga. Pasientar og brukarar har ofte samansette lidingar, difor treng vi fagpersonar med god kompetanse og som ser behova i heilskap.


Ergoterapeuten vil ha eit tett samarbeid med andre aktørar innanfor helsesektoren for å sikre ein heilskapleg tilnærming og oppfølging, herunder heimetenesta, sjukeheim, spsialisthelsetenesta og hjelpemiddelleverandørar.

 

Arbeidsoppgåver:
  • Funksjonsvurdering/kartlegging
  • ADL- trening
  • Heimebesøk
  • Hjelpemiddelformidling
  • Tilpassing av bustad
  • Rehabilitering/habilitering
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Rettleiing- og undervisningsoppgaver for brukarar, pårørande og andre faggrupper
  • Samarbeid med syn- og høyrselskontakt
  • Tilrettelegge for velferdsteknologi

 

Kvalifikasjonar:
  • Autorisasjon som ergoterapeut
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Den som blir tilsett må ha førarkort

 

Personlege eigenskapar:
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Sjølvstendig, fleksibel og strukturert
  • Evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg med andre kommunale tenester
  • Evne til å møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov
  • Evne til å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo
  • Positiv og engasjert


Vi tilbyr:

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
  • Løn etter tariff
  • Pensjonsordning i KLP
  • Flyttegodtgjerdsle, jf. personalhandbok for Askvoll kommune
  • Kontorstad med andre profesjonar i trivelege lokale i sentrumsgården 
  • Naudsynt opplæring vil bli gjeve

 

For nærare opplysningar ta kontakt med oss.

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.

Politiattest og tuberkulinattest av ny dato må leggjast fram ved tilsetjing.


Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar
til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.

Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta
offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Olaug Søreide

Einingsleiar Helse

99290964 +47 57734619

olaug.soreide@askvoll.kommune.no

Om bedriften

Askvoll kommune ligg på kysten av Vestland fylkeskommune, med variert natur frå kyst til fjell. Kommunen har i underkant av 3000 innbyggjarar. Det er snøggbåtsamband med Bergen og Florø, bussamband til Førde og Dale, og ein time med bil til Førde. Kommunen er rik på naturopplevingar både på land og sjø, og har eit levande lokalsamfunn med engasjerte menneske.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e8d083d8-19ce-487a-8812-582bb4b302f5

Sist endret

6. mai 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3623819_171749_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser