Vikariat som seniorkonsulent ved HR-avdelinga
Universitetet i Bergen
Nygårdsgaten 5, 5020 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Vikariat som seniorkonsulent ved HR-avdelinga
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. august
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgASeniorkonsulent
Ved HR-avdelinga, Faggruppe for dokumentasjons- og systemforvalting er det ledig eit 100% vikariat som seniorkonsulent i 6 månader, med måglegheiter for forlenging.
Faggruppe for dokumentasjons- og systemforvalting ivaretek arkivfunksjonen for UiB, og forvaltar sakarkivsystemet WebSak og UiBs papirarkiv. Faggruppa ligger under HR-avdelinga.
Arbeidsoppgåver:
Den som vert tilsett vil delta i drift og utvikling av arkivfunksjonane ved Universitetet i Bergen, som mellom anna er følgjande oppgåver:
- Postmottak, sak og dokumentregistrering, kvalitetskontroll og journalføring
- Oppfølging av krav om dokumentinnsyn
- Brukarstøtte og rettleiing til sakshandsamarar og leiarar
- Brukar- og systemadministrasjon
- Produsere offentleg journal og følgje opp interne og eksterne spørsmål om informasjon/dokumentasjon
- Utvikling og vedlikehald av dokumentmalar og digitale skjematenester
- Forvaltning av eldre arkiv
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarane må ha høgre utdanning på minst bachelor-nivå eller tilsvarande utdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekkje. Tilsvarande kvalifikasjonar kan oppnåast gjennom lang og allsidig praksis saman med relevant etter- og vidareutdanning
- Erfaring med brukarstøtte og praktisk erfaring med elektronisk dokumenthandsaming og arkiv vil bli vektlagt
- Det er ein fordel med erfaring frå bruk av WebSak, Elements/ePhorte eller andre sak-/arkivsystem og frå handsaming av krav om dokumentinnsyn
- Søkjar må ha god generell IT-kunnskap, og kjennskap til administrative datasystem
- Forståing for og erfaring med systemintegrasjon og standardiserte format for utveksling av data er ein fordel
Vi søkjer ein person som:
- Har engasjement og interesse for arkivfaget
- er serviceinnstilt, fleksibel, kvalitets- og resultatbevisst
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- har evne til å tileigne seg nye ferdigheiter og auge for å utvikle/forbetre administrative rutiner
Vi kan tilby:
- Eit godt, inkluderande og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i årsløn kr. 611 900 - 660 000 i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: arkivleiar Per Christian Gaustad, e-post: Per.Gaustad@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om HR-avdelinga her.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
72f76405-1052-47aa-8da7-98585a4f5dab
- Sist endret
1. juli 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10302074