Hopp til innhold

Seniorkonsulent (studie, ph.d. og forsking) ved Det samfunnsvitskaplege fakultet

Arbeidsgiver

Universitetet i Bergen

Sted

postboks 7802, 5020 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Seniorkonsulent (studie, ph.d. og forsking) ved Det samfunnsvitskaplege fakultet
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 5. august

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Seniorkonsulent 

Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til ei fast stilling som seniorkonsulent ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Stillinga vil vere knytt til fellesadministrasjonen for Institutt for samanliknande politikk, Institutt for politikk og forvaltning og Sosiologisk institutt, og den som vert tilsett vil utføre oppgåvene sine i tett samarbeid med studiekonsulentane og andre i fellesadministrasjonen. Den utlyste stillinga vil ha eit særleg ansvar for masterprogram og forskarutdanning ved Institutt for politikk og forvaltning og Institutt for samanliknande politikk, samt nokre oppgåver knytt til forskingsadministrasjon. 

For meir informasjon om fakultetet viser vi til: http://www.uib.no/svf/


Arbeidsoppgåver:

  • Administrativ støtte til instituttleiinga i saker som vedgår masterprogram, forskarutdanning og forskingsadministrasjon
  • Legge til rette for den praktiske gjennomføringa av masterutdanninga; frå undervisningsplanlegging til eksamen
  • Generell studieadministrativ sakshandsaming
  • Studieadministrativ støtte ved oppretting og gjennomføring av ph.d-kurs
  • Planlegging og gjennomføring av disputasar
  • Sekretær for forskingsadministrative utval ved institutta 
  • Andre administrative oppgåver

Arbeidsoppgåver knytt til undervisninga ved dei tre institutta justerast jamleg og dei som vert tilsett vil måtte rette seg etter dei retningslinjer som for ein kvar tid gjeld for stillinga.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjar må ha mastergrad. Det er ein føremon med samfunnsvitskaplege fag i fagkretsen. Relevant praksis kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning. 
  • Tidlegare erfaring med undervisning og/eller undervisningsplanlegging
  • God administrativ IT-kompetanse. Kjennskap til universitetet sine administrative system er ein føremon
  • God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner 
  • Evne til å vere fleksibel, ansvarleg og imøtekommande
  • Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert 

Ved intervju vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.


Vi kan tilby:

  • Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver ved eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.
  • Faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • Løn som seniorkonsulent, kode 1363, utgjer for tida mellom kr 611 000,- og 630 000,-For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar
  • Fleksibel arbeidstid

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillingane kan ein få ved å kontakte fellesadministrasjonen ved  studieleiar Cathrine Bustad Jensen; cathrine.bustad@uib.no eller administrasjonssjef Charlotte Lillefjære-Tertnæs: Charlotte.Lillefjaere@uib.no.

Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via «Søk stillinga».

Søknadsfrist: 5. august 2026

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.


Om bedriften

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

2e90653e-6108-4c42-b9f3-4c03e446af18

Sist endret

25. juni 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10301091

Lignende annonser

Laster lignende annonser