Hopp til innhold

Pedagogisk leiar - vikariat

Arbeidsgiver

Sunnylven barnehage, Stranda kommune

Sted

Ringdalsvegen 21, 6218 Hellesylt

Om jobben

Oppstart
1. august 2026
Stillingstittel
Pedagogisk leiar - vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest onsdag 13. mai

Sunnylven barnehage er ein kommunal barnehage som ligg  på Hellesylt, like ved Bygdetunet og brannstasjonen. 
Barnehagen er godkjend for 42 plassar og har frå hausten 17 barn.
Våre opningstider er kl. 07.00 - 16.15.

  • I tida 01.08.2026 - 31.07.2027 har vi ledig vikariat som pedagogisk leiar i 100% stilling
  • Ved evt internt opprykk vil der kunne bli ledig 100 % stilling som fagarbeidar/assistent, oppgi derfor kva stilling du søker på.

    Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju.

    Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal lastast opp som vedlegg til søknaden. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.


    Arbeidsoppgåver

     Pedagogisk leiar har ansvar for dagleg drift på avdelinga og er fagleg leiar for si avdeling.

     

     

    Kvalifikasjonar

    • Godkjend utdanning som barnehagelærar, evt anna relevant pedagogisk utdanning
    • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
    • Ved mangel på søkjarar med fullført barnehagelærarutdanning kan også andre søkjarar med relevant utdanning og/eller praksis bli vurderte for midlertidig tilsetting
    • Relevant fagbrev og/eller relevant arbeidserfaring for evt ledig vikariat som fagarbeidar/assistent (Ved internt opprykk)

    Personlege eigenskapar

    • Gode samarbeidsevne, sjølvstendig og fleksibel
    • Evne til å kommunisere, rettleie og motivere
    • Har helse som er forenleg med ein aktiv og stabil barnehagekvardag
    • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

    Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer

  • Kontaktinformasjon

    Hilde Langlo Brekke, Einingsleiar, +47 46411844

    Arbeidsstad

    Ringdalsvegen 21
    6218 Hellesylt

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Stranda kommune

    Referansenr.: 5120792213
    Stillingsprosent: 100%
    Vikar
    Startdato: 01.08.2026
    Sluttdato: 31.07.2027
    Søknadsfrist: 13.05.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Hilde Langlo Brekke

    Einingsleiar

    +47 46411844

    Om bedriften

    Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og  treningssenter.

    Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass. 

    Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt
    .

    I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.   

    Offentleg tenestepensjon for nytilsette

    Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    712d3de2-8610-433a-bff6-3366ba5298e3

    Sist endret

    29. april 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    7013dc4d3b18472591d5412cf63730b6

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser