Pedagogisk psykologisk rådgjevar, 100 % faste stilling
Stranda kommune - Eining for Barn, familie og meistring
Øyna 13, 6200 Stranda
Om jobben
- Stillingstittel
- Pedagogisk-psykologisk rådgjevar 100 % fast
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 5. juni
PP- tenesta er heimla i barnehagelova og opplæringslova som kommunane si rådgivingsteneste og sakkunnig i opplæringsspørsmål. Tenesta er knytt til brukarar i alder frå førskule til vaksen med rett til grunnskuleopplæring.
PPT skal støtte barnehagar og skular i Stranda og Fjord kommunar med kompetanse- og organisasjonsutvikling for å legge til rette for eit likeverdig og tilpassa pedagogisk tilbod. PPT Stranda har kontora sine i Stranda sentrum, men nyttar også møterom og arbeidskontor i barnehagane og på skulane i Stranda og Fjord.
Møre og Romsdal Fylkeskommune har avtale med Stranda kommune om kjøp av tenester for oppfølging på dei to vidaregåande skulane som ligg på Stranda.
PPT tenesta er ein del av eininga Barn, familie og meistring. Tenestene i eininga er barnevern, flyktning og innvandrarteneste, frivilligsentral, helsestasjon og skulehelseteneste, mestringsteam for barn og unge/vaksne (psykiskhelse), spesialpedagogisk team i barnehage og PPT.
Vi søker etter PP-rådgjevar 100 % fast stilling, som skal vere ein naturleg kompetansepart i den tverrfaglege oppfølginga.
Aktuelle søkjarar kan/ vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal leggast ved søknaden. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.
Arbeidsoppgåver
- Systemarbeid i barnehage og skule
- Arbeid med sakkunnig vurdering etter barnehagelova og opplæringslova
- Utgreiing av barn og unge, som treng oppfølging i barnehage og skule på individ- og systemnivå
- Tverrfagleg samarbeid med ulike instansar
Kvalifikasjonar
- Utdanning frå universitet/høgskule i pedagogikk/spesialpedagogikk/psykologi. Master er eit ønskje.
- Arbeidserfarin frå skule vil bli vektlagt
- Kunnskap om lov, regelverk og offentleg forvaltning
- Relevant testkompetanse av nyare dato
- Evne til å tenke analytisk og god systemforståing
- Gode norskkunnskaper både skrifteleg og munnleg
- Den som vert tilsett må ha førarkort.
- Politiattest av nyare dato er ein føresetnad for tilsetjing
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Er opptatt av barnets beste og har evne til å motivere
- Er inkluderande og kan byggje gode relasjonar til barn/ungdom, føresette og fagpersonar
- Kan arbeide målretta både sjølvstendig og i team, tek initiativ og er løysingsorientert
- Har evne til refleksjon i arbeid med å løyse problemstillingar i tverrfaglege team
Personlege eigenskaper blir vektlagt.
Vi tilbyr
- Godt tverrfagleg samarbeid
- Fleksibel arbeidstid og moglegheit for bruk av heimekontor
- Arbeidsvilkår og løn etter gjeldande avtalar
- Gunstige låne- og forsikringsordningar i KLP
- Gode vilkår for fagleg utvikling
- Har du bustadsadresse Stranda eller Fjord kommune får du årleg reduksjon av studielån etter søknad til Statens Lånekasse.
Kontaktinformasjon
Kjellaug Bergh, Fagleiar PPT, +47 46411060, kjellaug.bergh@stranda.kommune.noAina Holmberg, Einingsleiar Barn,familie, meistring, +47 46411065, aina.holmberg@stranda.kommune.no
Arbeidsstad
Øyna 136200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 5131552795
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.06.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.
Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass.
Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt.
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.
Offentleg tenestepensjon for nytilsette
Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
54fd606c-43eb-4553-afef-95b56c9b5e70
- Sist endret
20. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d70f85947a37400cbaa49cb03e25eac6