Hopp til innhold

Menighetsarbeidar

Arbeidsgiver

Kirkejobb

Sted

Fv110 40, 4387 Bjerkreim

Om jobben

Stillingstittel
Menighetsarbeidar
Type ansettelse
Fast, deltid
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 2. juni

Menighetsarbeidar i 80 prosent stilling

Det er ledig stilling som menighetsarbeidar i frå midten av august i Bjerkreim kyrkjeleg fellesråd, Bjerkreim sokn. Stillinga er i 80 prosent der 40 prosent av stillinga er fast, 40 prosent er eit vikariat med mulighet for fast stilling.

Kva vi ser etter

Vi søkjer etter ein person som er glad i barn og ungdom. Den tilsette vil ha ansvar for kyrkjeleg undervisning og læring for barn og unge opp til 18 år i regi av Bjerkreim sokn.

Personlege kvalifikasjonar og fleksibilitet, samt evne og vilje til å arbeide i team er svært viktig og vil bli vektlagt.

Vi søkjer etter ein person som

  • Har gode kommunikasjons- og formidlingsevner i møte med barn og unge
  • Har evne til å planlegge og arbeide sjølvstendig
  • Har relevant utdanning innan pedagogikk og/eller kristendom. Personar med erfaring frå liknande stillingar eller frå anna pedagogisk arbeid kan òg søkje.
  • Er personleg eigna til stillinga
  • Er komfortabel med å formidle tru
  • Meistrar norsk skriftleg og munnleg
  • Er medlem i Den norske kyrkja

Arbeidsoppgåver

  • Rekruttere og rettleie frivillige medarbeidarar og aktivt samarbeide med desse
  • Delta i utvalet for kyrkjeleg undervisning og læring
  • Tilrettelegge praktisk og delta i konfirmantarbeidet i nært samarbeid med soknepresten
  • Ha ansvar for aktivitetar for ungdom i regi av Bjerkreim sokn, eksempelvis koordinere trafikalt grunnkurs, Kode B, Connect.
  • Ha ansvar for årlege samlingar for ulike alderstrinn
  • Samarbeide med skular og barnehagar om kyrkjebesøk
  • Arrangere dåpsskule og ha ansvar for utdeling av bøker på familiegudstenester
  • Delta på stabsmøte og gjennomføre ulike oppgåver saman med resten av kyrkjestaben

Vi tilbyr

  • Fleksibel arbeidstid innanfor ramma til stillinga
  • Variert og spennande jobb
  • Kontorplass på kyrkjekontoret på Vikeså saman med sokneprest, diakon, sekretær/kyrkjemusikar og kyrkjeverje.
  • Ordna løn- og arbeidsvilkår. Løn etter KAs tariffavtale og pensjonsordning i KLP.

Bjerkreim ligg i regionen Dalane, og kommunen har om lag 2800 innbyggarar. Vikeså er kommunesentrum. Kommunen har eit aktivt kultur-, kyrkje- og foreiningsliv og vakker natur.

Det tar ca. 25 min å køyre til Egersund, 50 minutt til Stavanger.

Bjerkreim er ein eittsoknskommune med to kyrkjer. I tillegg er det to bedehus med stor aktivitet, soknet samarbeider godt med desse. Vi har ein flott stab og ein aktiv kyrkjelyd.

Annet

  • Oppstart - (helst) 17. august 2026
  • Tilsetjingsform - 40% fast, 40% vikariat (med mulighet for fast tilsetjing)
  • Arbeidsdagar - Ein må rekne med å arbeide både vekedagar, kveldar og helger
  • Arbeidstid - Dagtid og kveld
  • Utdanning - Ingen formelt fastsette krav

Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.

Det vil bli gjennomført intervju og referansesjekk.

Om bedriften

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6f26d68a-264c-4928-bf05-4bdf60ed4807

Sist endret

26. mai 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

464244248

Lignende annonser

Laster lignende annonser