Hopp til innhold

Vil du bidra til at fleire får moglegheita til å kome i arbeid?

Arbeidsgiver

Nav Bjørnafjorden // Region Midthordland

Sted

Holtbrekka 7, 5200 Os

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Rettleiar Nav Bjørnafjorden
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hybridkontor

Hos Nav Bjørnafjorden får du ein jobb der du gjer ein forskjell – for menneske og for samfunnet. Som rettleiar blir du ein del av vårt engasjerte kollegafellesskap, og du får ansvar for å følgje opp personar over 30 år med mål om å gi fleire moglegheit for å få arbeid. Nav Bjørnafjorden er del av region Midthordland, og vi samarbeider godt med kommunane i regionen for å gi brukarane våre dei beste tenestene.

Nav Bjørnafjorden har moderne og funksjonelle lokale i Os Næringspark, tilpassa ein aktivitetsbasert arbeidsplass med fokus på samarbeid og fleksibilitet. Kontoret består av engasjerte medarbeidarar fordelt på fleire avdelingar, og saman utgjer vi region Midthordland i Nav Vestland – eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement for gode tenester til innbyggjarane våre.

Høyrest dette spennande ut for deg? Då vil vi gjerne høyre frå deg!


Kva går jobben ut på?

  • oppfølging og rettleiing av personar som treng hjelp til å avklare moglegheiter for arbeid
  • bidra til og utarbeide plan med aktivitetar mot arbeid, og støtte opp under gjennomføring
  • oppsøkje og samarbeide med arbeidsgivarar for å gi arbeidssøkjarar moglegheiter i arbeidslivet
  • samhandle med kollegaer, arbeidsgivarar, tiltaksarrangørar og andre samarbeidspartnarar
  • saksbehandle og dokumentere i fagsystem etter gjeldande lovverk og retningslinjer
  • halde seg fagleg oppdatert på lovverk og arbeidsmarknaden

Nav er i stadig utvikling, så arbeids- og ansvarsområdet kan endre seg. Stillinga sitt innhald kan også justerast basert på kontorets behov.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla? 

  • høgare relevant utdanning på bachelornivå til dømes innan helse og sosialfag samfunnsvitskap og juss. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
  • god digital kompetanse og evne til å setje deg inn i nye dataverktøy
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne   
  • erfaring frå arbeid i Nav eller liknande arbeid
Det er ein fordel om du har
  • førerkort klasse B
  • erfaring frå rettleiingsarbeid og å jobbe med menneske
  • erfaring frå tverrfagleg samarbeid

Kva ser vi etter hos deg

  • ein strukturert arbeidsform og god oversikt over eiga portefølje
  • trivsel i tett samarbeid med brukarar, arbeidsgivarar og samarbeidspartnarar
  • gode relasjonsbyggande ferdigheiter og evne til å følgje opp mål og fristar
  • respektfull tilnærming, kombinert med tydeleg grensesetting og avklaring av forventningar

Kvifor velje oss

  • ein meiningsfull og utfordrande jobb innan eit viktig samfunnsområde
  • engasjerte kollegaer i eit inkluderande arbeidsmiljø
  • fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og moglegheit for trening i arbeidstida 
  • god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
  • tilsetjing på statlege vilkår i stillingskode 1434 rådgjevar, med lønsspenn frå kr 622 000 - 660 000. For særleg kvalifiserte søkarar kan høgare løn vurderast. 
Les meir om Nav som arbeidsgivar

Kontaktinformasjon

Line Solheim, Regionleder, 458 12 959, Line.Naterstad.Solheim@nav.no

Arbeidssted

Holtbrekka 7
5200 Os

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5066524272
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 02.02.2026

Om bedriften

Nav søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.

Mangfold er viktig i Nav. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.

Når du søker jobb hos oss, vil navnet ditt stå på en offentlig søkerliste. Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrift via vitnemålsportalen.no.

NAVstilling

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6f20b4e8-b401-4edc-81aa-a94a8a92d574

Sist endret

3. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

ad1f25d8793349a5adf1bad3c3194de3

Lignende annonser