Hopp til innhold

Nattstilling i turnus 60% fast

Arbeidsgiver

Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester

Sted

Rådhuset, Torggata 7, 5200 Os

Om jobben

Type ansettelse
Fast, deltid 60%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 12. mars

Tilrettelagte tenester f.t v/Varafjell avlastning har ledig stilling på natt, frå snarast.

Arbeidsstad
Varafjell avlastningssenter er kommunen sitt avlastingstilbod til foreldre med barn og unge med nedsatt funksjonsevne.
Avlastningssenter ligg strategisk plassert i Industrivegen, nær idrettsanlegget på Kuventræ.

Arbeidsoppgåver
Det er behov for tilsyn, stell, pleie og omsorg.
Stillinga er for tida knytt opp mot tenestemottakarar på Varafjell avlastningssenter.
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane. I funksjonen inngår førebygging, habilitetering og rehabilitering. 
Stillinga er i turnus f.t m/ arbeidshelg kvar 3.helg. Nattstillilng er inkludert med "bakvaktsordning" i eininga.

Kvalifikasjonar
Du har helsefagleg utdanning med autorisasjon. Søkjarar med erfaring med brukargruppa vil og bli vurderte.
Det vert lagt stor vekt på dine personlege eigenskapar, og kjennskap til brukargruppa vil vera ein fordel. 

  • du har bestått medisinkurs
  • du skaper gode relasjonar, tillit og tryggleik
  • du ønskjer å vera ein del av eit spanande arbeidsmiljø
  • du ønskjer og tar utfordringar
  • du er oppteken av å ivareta borna som om dei er dine eigne
  • du er sjølvstendig og har opparbeida deg gode samarbeidsevner
  • du lyttar med respekt

Bilsertifikat kl. B er nødvendig.

På bakgrunn av dine gode faglege og etiske verdiar, er nettopp du den vi treng for å kunne gje barnet eit godt heilheitleg tilbod.

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Yvonne Matre

Einingsleiar

+47 902 89 733

yvm@bjornafjorden.kommune.no

Om bedriften

Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko! Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6e40e391-83cd-426d-9196-aed93dada9de

Sist endret

27. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3599311_196017_nn

Lignende annonser