Lyngheia bufellesskap
Øygarden kommune Lyngheia bufellesskap
Blombakkane, 5354 Straume
Om jobben
- Stillingstittel
- Ledig fast 60% nattevaktstilling
- Type ansettelse
- Fast, deltid 60%
- Arbeidstid
- Turnus, natt
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 23. april
Om avdelinga
Lyngheia bufellesskap er eit bufellestiltak med seks personar som bur i eigne bueiningar. Bebuarane har varierande hjelpebehov og ulike diagnosar. Målet vårt er å bidra til at kvar enkelt bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, der trivsel, sjølvråderett og meistring står i fokus.
Vi er ei tverrfagleg personalgruppe beståande av vernepleiarar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar og pleiemedarbeidarar. Lyngheia bufellesskap ligg sentralt i Straume-området, nær offentleg transport og kommunedelsenter.
Arbeidsoppgåver
Målretta miljøarbeid, rettleiing, praktisk bistand og helsehjelp.
Dokumentasjon i fagjournal.
Tilrettelegging og koordinering av tenesta.
Handtering av medisin etter gjeve løyve.
Arbeid med autismevenleg tilnærming.
Kjennskap til tvangsvedtak i tråd med helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.
KvalifikasjonarHelsefagarbeidar. Anna relevant utdanning kan vurderast.
God kjennskap og/eller erfaring med arbeid med personar med autismespekterforstyrringar.
Kunnskap om helse- og omsorgstenestelova kapittel 9.
Medisinløyve – kompetanse til å dele ut klargjord medisin.
Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
Ønskjeleg medFørarkort klasse B.
Personlege eigenskaparEvne til samarbeid, men òg til å jobbe sjølvstendig.
Bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Evne til nytenking og utvikling av tenesta.
Engasjert i fagleg utvikling og interesse for brukargruppa.
Gode relasjonelle ferdigheiter.
Personlege eigenskapar vil bli særleg vektlagde.
AnnaGyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.
Nattevakter på 10 timar. Vakta kan bli forlenga i samband med to nattevaktsmøte i året.
16 arbeidshelger per år.
Helsefagarbeidar som går natt, får eit ubekvemstillegg på 10 000 kr ( justert etter st. %)
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø.
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer.
- Ein gjevande og meiningsfull jobb.
- Varierte og interessante utfordringar.
- Høve til fagleg og personleg utvikling.
- Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån.
Kontakt
Fredrik Degerman, avdelingsleiar Lyngheia – mobil: 488 60 948
Kristin Straume, einingsleiar MMNF – mobil: 997 99 526
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
747f06dc-9993-413d-86a0-055ef92e412f
- Sist endret
9. april 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3615511_192861_nn