Hopp til innhold

Seksjonsleiar

Arbeidsgiver

AVDELING MEDISIN ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Seksjonsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 16. august

Vi har ledig stilling som seksjonsleiar ved Dialyse Ålesund.

Dialysen i Ålesund behandlar pasientar med kronisk og akutt nyresjukdom. Vi har eit sterkt fagleg miljø med pasienten i fokus. I tilknytning til vår avdeling har vi peritonealdialyseeining, satelittdialysestasjon ved Volda sjukehus, nyrepoliklinikk, nyreskule og oppfølging av transplanterte pasientar. Vi er ei dagavdeling som for tida er i drift 6 dagar i veka, frå mandag til og med lørdag.

Vi søker etter deg som ønsker å utvikle denne veldrevne seksjonen vidare framover. Med på laget får du dyktige og fagleg engasjerte sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar, og samarbeidar tett med nyrelegane. Det er høgt fokus på fagleg utvikling og samarbeid i seksjonen, noko som bidreg til eit godt lærings- og arbeidsmiljø.   

Seksjonsleiar er ein del av avdelinga si leiargruppe, og er direkte underlagt avdelingssjef. Det vil vere tett samarbeid med dei øvrige 6 seksjonsleiarane ved Medisinsk avdeling og avdelingssjefen. Oppdraget til medisinsk avdeling er å levere spesialisthelsetenester av høg kvalitet til innbyggarane i Møre og Romsdal. Våre verdiar bygger på tryggleik, respekt og kvalitet. 

God opplæring og leiarstøtte vil bli gitt! 

Vi har eit høgt faglig nivå med fokus på utvikling av pasientens helseteneste innanfor dei akutelle fagområda. Vi håper du vil vere den som driv dette arbeidet videre! 


Arbeidsoppgåver

  • Seksjonsleiar vil inngå i avdelinga si leiargruppe, og ha avdelingssjef som sin nærmaste overordna 
  • Utvikle tenestetilbodet - vere pådrivar for nytenkning 
  • Ansvar for personalleiing, oppfølging av tilsette, ressurs- og økonomistyring 
  • Resultatansvar i henhold til leiaravtale for: kvalitet, fag, personalleiing, budsjett og HMS 
  • Bidra til at fagutvikling og kompetansesamansetning er i tråd med framtidige behov og målsetting 
  • Jobbe for eit godt arbeidsmiljø og godt samarbeid mellom seksjonar og andre samarbeidspartnarar internt og eksternt 
  • Bidra til at ein gjennom tverrfaglig leiing og samarbeid oppnår klinikken, avdelinga og seksjonen sine definerte mål 
  • Ivareta administrative oppgåver innanfor ansvarsområdet 
  • Gjennom planlegging, organisering, leiing og utvikling skal seksjonsleiar sørge for drift av eigen seksjon iht. ambisiøse mål 

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3-årig høgskuleutdanning på bachelornivå innan helse- og sosial 
  • Leiarutdanning og/eller -erfaring er ein fordel
  • Det er ønskeleg med erfaring med personal, fag og økonomi oppfølging, herunder budsjett og regnskap 
  • Det er ønskeleg med erfaring frå endrings- og omstillingsprosessar, samt erfaring frå arbeid med generell arbeidsmiljøutvikling 
  • Det er ønskeleg med erfaring og kompetanse frå turnusplanlegging 
  • God digital kompetanse og behersking av IKT verktøy 
  • Personlig eignaheit vektleggast

Personlege eigenskapar

  • Du er fagleg sterk, og er god til å involvere, motivere, delegere og skape arbeidsglede 
  • Du skapar engasjement, og evner å oppnå resultat gjennom medarbeidarar 
  • Du ser nødvendigheita av endringsprosessar og står trygt i dei 
  • Du evner å arbeide både operasjonelt og strategisk mot krevande mål 
  • Du er ein trygg og glad person, som har gode samarbeidsevner og kan inspirere dine medarbeidarar
  • Du er beslutningsdyktig, fleksibel og viser handlekraft 
  • Du ser nødvendigheita i å ha eit godt samarbeid på tvers av avdelingar og seksjonar, og på tvers av tenestenivå  
  • Du er strukturert og sjølvstendig 
  • Evner å vidareutvikle kultur for samarbeid, refleksjon, kunnskapsdeling og forbedring
  • God skriftleg og muntleg framstillingsevne 

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Eit solid og godt fagmiljø
  • Ein arbeidsplass med fokus på nærvær og trivsel
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfald av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

Kontaktinformasjon

Jørn-Åge Longva, Avdelingssjef (lege), +47 93423140, Jorn-Age.Longva@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5149868960
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026

Kontaktperson for stillingen

Jørn-Åge Longva

Avdelingssjef (lege)

+47 93423140

Jorn-Age.Longva@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.

Vi ønsker leiarar som er synlege, ansvarlege og som forstår at teamarbeid er avgjerande for å lykkast med samfunnsoppdraget. Som leiar må du engasjere og lede an i utviklinga av kultur og identitet i helseføretaket. Vi treng deg som kommuniserer godt, tar ansvar og beslutningar, og som har handlekraft til å drive fram konkrete forbetringar saman med teamet ditt. Vi gir deg opplæring på veien, tilgang på styringsinformasjon og tilbod om utvikling gjennom leiargruppa di - slik at du får utvikle deg som leiar i samsvar med dine eigne og helseføretaket sine forventingar. Tek du utfordringa?

For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6de2aca1-6937-4392-bea6-dae4cb083e96

Sist endret

2. juli 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

e171374d720d41aeb8143161a3275975

Lignende annonser

Laster lignende annonser