Hopp til innhold

Sjukepleiar

Arbeidsgiver

f.t. ved Open omsorg indre, Bremanger kommune

Sted

Svelgen Panorama 1, 6723 Svelgen

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. mars

Vil du bruke sjukepleiefaget til å skape tryggleik, verdigheit og gode øyeblikk i menneske sine heimar? Då ønskjer vi deg velkommen til oss.

I heimesjukepleien i Svelgen/Davik møter du menneske i sårbare, krevjande – og ofte svært fine – livssituasjonar. Her får du vere den som gjer ein forskjell kvar einaste dag. Vi har no ledig ei 100 % fast stilling som sjukepleiar, og håpar at akkurat du vil bli ein del av laget vårt.

Heimetenestene i indre Bremanger er ei samla og varm fagteneste, organisert frå Svelgen med base både i Svelgen og Davik. Vi er stolte av eit miljø som heiar på kvarandre, deler kunnskap og løftar laget når kvardagen krev det. Vi arbeider i årsturnus, der du får vere med og påverke eigen arbeids- og fritid – fordi balanse betyr noko.

Stillinga er ledig frå snarast.


Dine oppgåver - det viktige arbeidet

  • sjukepleiefaglege oppgåver ute hos pasientane
  • tett oppfølging av menneske med ulike behov og livssituasjonar
  • heilskapleg omsorg som skapar tryggleik
  • vurdering av individuelle behov og faglege prioriteringar
  • moglegheit til å bidra i ressursgrupper
  • dokumentasjon, rettleiing og undervisning
  • kvardagsrehabilitering og kartlegging av tenestebehov

Vi ser etter deg som

  • har norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • har eit varmt hjarte og raus tilnærming til menneske
  • er trygg i kvardagen og roleg i endringar
  • trivst både i samarbeid og i sjølvstendig arbeid
  • meistrar norsk godt, både skriftleg og munnleg
  • har førarkort klasse B
  • kan legge fram politiattest av nyare dato
  • gjerne har erfaring frå akuttmedisin (men det er ikkje eit krav)

Personlege eigenskapar som betyr mykje

  • Vi ønskjer oss ein kollega som er:
  • til stades – både fagleg og medmenneskeleg
  • engasjert og interessert i menneske
  • villig til å bruke faget sitt for å skape ein god kvardag for andre
  • serviceinnstilt, varm og profesjonell

Hos oss blir du del av ei teneste der vi bryr oss – om pasientane, om faget og om kvarandre.

Vi tilbyr

  • Vi tilbyr ein rekke gode ordningar for busetjing i kommunen. Sjå alle ordningane her.
  • Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,-  pr år inntil 10 års ansiennitet
  • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
  • Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse
  • Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
  • Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
  • God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i pensjonsordning. SPK.no- Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no-Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
  • Gode personforsikringar i arbeid og fritid
  • Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
  • Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
  • Senioravtale for tilsette over 62 år
  • Tilsette i turnusordning får vere med på planlegging av si eiga arbeidstid og fritid. Kan vere muleg med langvakter

Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!

Kontaktinformasjon

Hilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, +47 95989310

Arbeidsstad

Svelgen Panorama 1
6723 Svelgen/Davik

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune

Referansenr.: 5068303936
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Hilde Gretha Hauge

Driftssjef open omsorg indre

+47 95989310

Om bedriften

Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve?

Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute.

Grøn energi, industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Vi er heimen til Grotlesanden, kystklippa Hornelen, Ålfotbreen og den legendariske Vetvika ut mot storhavet. 

Vi håpar du vil bli betre kjent med oss – les meir på www.bremanger.kommune.no og www.godebremanger.no!

 

 

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6d11aff7-49ea-41cf-933a-e7d8fd8e8d46

Sist endret

16. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

0fd630e9ae1442da926a26b8647b2098

Lignende annonser