Hopp til innhold

HS satsar – vi søker tilbudsleder / kalkulatør

Arbeidsgiver

HS Bygg AS

Sted

6783 Stryn, Hareid, Sunnfjord, Ålesund

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

HS satsar – vi søker tilbodsleiar/kalkulatør På grunn av auka ordretilgang styrkjer HS laget og søkjer ein dyktig tilbodsleiar/kalkulatør. Vi ser etter deg som vil vere med og utvikle eit sterkt, framtidsretta og kompetent fagmiljø.

Stillingstittel
Kalkulasjonsleder
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Hva vi ser etter

Ønska kvalifikasjonar:

• Utdanning frå teknisk fagskule eller ingeniør innan bygg og anlegg, gjerne kombinert med relevant erfaring frå bransjen. Bakgrunn som handverkar med fagbrev og/eller erfaring som kalkulatør eller prosjektleiar er ein fordel

• God teknisk forståing og evne til å vurdere ulike løysingar for å finne dei mest føremålstenlege og kostnadseffektive alternativa

• Gode samarbeidsevner og evne til å leie prosessar, samtidig som du kan jobbe sjølvstendig

• Evne til å jobbe systematisk og strukturert, også under tidsfristar

• God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Arbeidsoppgaver

Om stillinga

Som tilbodsleiar/kalkulatør får du ansvaret for å planleggje, gjennomføre og leie anbodsprosessen frå A til Å. Du samarbeider tett med prosjektleiarar, kundar og leverandørar for å sikre at tilboda blir så gode og treffsikre som mogleg. Rollen er sentral i selskapet si vidare vekst, og du vil jobbe tett med både dagleg leiar og prosjektleiing.

Dine viktigaste arbeidsoppgåver:

• Kalkulasjon og prising av prosjekt og tilbod

• Strategisk og analytisk arbeid i tidlegfase, inkludert vurdering av risiko og løysingsval

• Analyse av konkurransegrunnlag og produksjonsunderlag

• Innhenting og vurdering av tilbod frå underentreprenørar og leverandørar

• Utarbeiding, kvalitetssikring og oppfølging av anbodsdokumentasjon gjennom heile anbodsprosessen

• Bidra aktivt i strategiske vurderingar og val av løysingar i samspel og prekvalifiseringar

• Samarbeid med prosjektorganisasjonen for overføring av tilbod til produksjon

Vi tilbyr

HS har kontor i Stryn, Hareid, Førde og Ålesund, og vi har klare ambisjonar om vidare vekst i heile regionen. Vi har solid økonomi, høg aktivitet og eit sterkt fokus på kvalitet i alle ledd. HS er involvert i fleire samspelsprosjekt, noko som krev tett samarbeid, god kommunikasjon og løysingsorientert leiing, og som gir deg som tilbodsleiar/kalkulatør store moglegheiter for fagleg utvikling og påverknad.

Som tilsett hos oss får du ein trygg og utviklande arbeidsplass, med tydeleg fokus på kompetanseheving og kontinuerleg forbetring. Du får reell påverknad på korleis vi jobbar og utviklar oss som selskap, og du blir ein del av eit uformelt, inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø.

Stillinga opnar for arbeid frå heimekontor i heile Noreg, då dei fleste arbeidsoppgåvene kan utførast elektronisk. Dette føreset at kandidaten har relevant erfaring og kan gå raskt inn i rolla utan behov for omfattande opplæring.

Om bedriften

HS har kontor i Stryn, Hareid, Førde og Ålesund, med ambisjonar om vidare vekst i regionen.

Sektor

Privat

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6cdcf0ac-33e6-4743-a630-baee83f9fd98

Sist endret

1. februar 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

6cdcf0ac-33e6-4743-a630-baee83f9fd98

Lignende annonser

Formann murer

Arbeidsgiver

Backlund & Sønn AS

Sted

Ålesund

Superrask søknad