Hopp til innhold

Helsefagarbeidar

Arbeidsgiver

Heimeteneste, Sande kommune

Sted

Presegardsvegen 31, 6084 Larsnes

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Heimetenesta i Sande har ledige stilling som helsefagarbeidar frå 01.03.2026. Eininga har ansvar for tenester til heimebuande brukarar og bebuarar i omsorgsbustadar. Arbeidet blir retta mot dei pasientane som til ei kvar tid mottek tenester. Stillinga har for tida to-delt turnus med arbeid to arbeidshelgar på seks veker. 


Arbeidsoppgåver

  • Pleie og omsorgsoppgåver til heimebuande og til bebuarar i omsorgsbustadane
  • Pleie og omsorg til brukarar i tråd med gjeldande krav til kvalitet, lovverk, kommunale retningsliner og fagleg god praksis
  • medverke til aktivitet og trivsel for pasientar og brukarar
  • Dokumentere i fagprogram etter gjeldande lover og retningslinjer
  • Ta initiativ og hjelpe til med utarbeiding, gjennomføring og evaluering av individuelle målsetjingar for pasientane

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar, eller anna relevant fagbrev
  • Snakke og skrive godt norsk, eller anna skandinavisk språk
  • Førarkort klasse B
  • Erfaringar frå tilsvarande jobb vert lagt vekt på 
  • Lærlingar som er på slutten av læretida vert oppmoda om å søkje 
  • Det må leggast fram tilfredstillande politiattest før oppstart

Personlege eigenskapar

  • Evne og lyst til å skape gode relasjonar til brukarar, pårørande og medarbeidarar
  • God samarbeids- og kommunikasjonsevne og lyst til å skape godt arbeidsmiljø
  • Må kunne arbeide sjølvstendig, effektivt og ta ansvar - både åleine og i team
  • Ansvarsbevisst og løysingsorientert
  • Motivert, serviceinnstilt og fleksibel
  • Gode datakunnskapar
  • Personlege eigenskapar vert lagt vekt på 

Vi tilbyr

  • Utfordrande, varierte, interessante arbeidsoppgåver
  • Faglege utfordringar i eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
  • Fleksible turnusar
  • Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med  gjeldande tariffavtale, lover og reglement
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Vi bed om at referansar vert gitt opp i søknaden.

Kontaktinformasjon

Kari Johanne Skarmyr, Einingleiar, +47 95918965

Arbeidsstad

Presegardsvegen 31
6084 Larsnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sande kommune

Referansenr.: 5065304727
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.02.2026

Om bedriften

Sande kommune er ein kystkommune i Møre og Romsdal med ca. 2500 innbyggarar. Sandesamfunnet inngår i ein felles bu- og arbeidsregion for Søre Sunnmøre med om lag 50.000 innbyggarar. Innanfor ei reisetid på 30–45 min. har ein tilgang til det ein treng av arbeid, til sjukehus, høgskule, flyplass, handel og opplevingar. Kommunen har eit variert og innovativt næringsliv, med hovudvekt på næringar knytt til den verdsleiande maritime klynga på Sunnmøre. Alt dette med utgangspunkt i unike naturmessige omgjevnader, i oversiktlege og trygge miljø med plass til alle.


Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6c748953-379c-4ebf-9aab-32ae14263141

Sist endret

4. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

edd3f30fef1f45aebd12fba24b2f0691

Lignende annonser

Laster lignende annonser