Helsefagarbeider. Fjordsyn omsorgsbustadar
Volda kommune, Heimeteneste
Sevrinhaugen 4, 6102 Volda
Om jobben
- Oppstart
- 3. august 2026
- Stillingstittel
- Helsefagarbeider. Fjordsyn omsorgsbustadar
- Type ansettelse
- Fast, deltid 90%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 21. juni
Ledig fast stilling – 90 % helsefagarbeidar ved Fjordsyn omsorgsbustadar
Frå 01.08.2026 har vi ei spennande moglegheit for deg som ønskjer å jobbe tett på menneske og bidra til ein trygg og meiningsfylt kvardag for eldre. Vi har ledig ei fast 90 % stilling som helsefagarbeidar ved Fjordsyn omsorgsbustadar.
Fjordsyn er ein døgnbemanna omsorgsbustad med 29 trygge og tilrettelagde leiligheiter. Bustaden er ein del av avdeling heimeteneste. Her er personalet stasjonert i huset for å sikre tryggleik, stabilitet og kontinuitet for bebuarane – og for å skape eit miljø der både brukarar og tilsette kan trivast. Du blir ein del av eit fagleg engasjert team som samarbeider tett, støttar kvarandre og har fokus på kvalitet i alle ledd.
Det er for tiden todelt turnus med dag/kveld og arbeid kvar tredje helg.
👉 Klar for ein jobb som gir både fagleg utvikling og ekte arbeidsglede?
👉 Søk no – 😄 Vi vil ha deg med på laget!
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåvene er å yte helse- og omsorgstenester til bebuarane ved Fjordsyn omsorgsbustader, som har 29 leilegheiter. Som helsefagarbeidar vil du møte brukarar med ulike behov, og du skal bidra til god omsorg gjennom observasjon av brukaren sin tilstand og ved å utføre pleie- og omsorgsoppgåver i tråd med gjeldande rutinar og tiltaksplanar. Personalet skal bidra med helsehjelp, aktivisering og tilrettelegging slik at bebuarane får eit godt og meiningsfylt innhald i kvardagen, og kvar einskild tilsett har ansvar for å medverke til godt samarbeid og eit positivt arbeidsmiljø. Stillinga inneber særleg ansvar for observasjon og dokumentasjon av brukaren sin helsetilstand, samt å setje i verk og følgje opp nødvendige tiltak i samarbeid med anna helsepersonell. Helsefagarbeidaren har òg ansvar for rettleiing av pleiemedarbeidarar og lærlingar/elevar. Arbeidsplassen tilbyr god støtte, opplæring og rettleiing, slik at du som tilsett skal vere trygg og kompetent i arbeidet. Dokumentasjon i pasientjournal er ein viktig del av arbeidet, tilpassa rolle og ansvar.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar er eit krav
- Erfaring frå tilsvarande arbeid vert vektlagt
- Beherske norsk flytande, både munnleg og skriftleg
- Alminnelege datakunnskapar
- Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
- Vi legg vekt på gode fagkunnskapar, inkludert god observasjonskompetanse
- Krav om tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månadar før oppstart i arbeid
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du er omsorgsfull, fleksibel og samarbeidsvillig. Du likar å arbeide med eldre
- Du tek ansvar og trivast med å arbeide sjølvstendig
- Du har god evne til å gjere faglege observasjonar, vurderingar og setje iverk nødvendige tiltak
- Du tek initiativ og ansvar i arbeidet
- Du har høg arbeidsmoral
- Du har godt humør, og samarbeider og medverkar til eit godt arbeidsmiljø
- Personlege eigenskapar vert avgjerande ved tilsetting
Vi tilbyr
- Løn etter tariff
- Sjølvstendig og variert arbeid
- Høve til fagleg og personleg utvikling
- Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
- God opplæring, rettleiing og støtte slik at medarbeidarane er trygge og kompetente til å yte tenester av høg kvalitet
- Internundervisning og fagleg påfyll, tilgang på e-læringskurs frå Visma Glup
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Lill Kristin Vassbotn, Seksjonsleiar, 41 40 00 27, lill.kristin.vassbotn@volda.kommune.noElsebeth Melle, Avdelingsleiar, +47 91130521, elsebeth.melle@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Sevrinhaugen 46102 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 5140007120
Stillingsprosent: 90%
Fast
Startdato: 03.08.2026
Søknadsfrist: 21.06.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med 11 131 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kulturliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e8ea0faa-1c26-4edf-a7f6-55a684120360
- Sist endret
3. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1d69b2c219e345ff9ecfd02fc01d0e3d