Medisinsk koder
Klinisk datastøtte og strategisk analyse Haugesund
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Sekretær
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Klinisk datastøtte og strategisk analyse samlar tre sentrale fagområde – analyse, controllerfunksjon og medisinsk koding – i éin felles eining. Målet er å styrke kvaliteten i styringsinformasjonen, sikre betre samanheng i datagrunnlaget og gi leiarar eit meir heilskapleg beslutningsgrunnlag.
Avdelinga skal vere ein fagleg motor for innsikt, oversikt og forståing av verksemda. Ved å samle ulike yrkesgrupper med komplementær kompetanse, får ein ei eining som både produserer, kvalitetssikrar og tolkar data – og samtidig omset dei til praktisk, relevant og forståeleg støtte for klinikk og leiing.
Vi ser no etter deg som er fagleg nysgjerrig og lærevillig, og har interesse for å forstå samanhengar mellom medisinsk koding, økonomi og kvalitet. Du har god systemforståing og evne til å setje deg raskt inn i regelverk og faglege rammer.
Hos oss blir du ein del av eit tverrfagleg miljø der samarbeid står sentralt, men der det òg er rom for å stille spørsmål og utfordre ufullstendig dokumentasjon. Du kommuniserer godt i dialog med kliniske miljø, arbeider analytisk og strukturert
Kva går jobben ut på?
- Kode og kvalitetssikre diagnose- og prosedyrekodar etter gjeldande regelverk (ICD-10/ICD-11, NCMP/NCSP).
- Kontrollere at dokumentasjonen i pasientjournal (DIPS Arena m.m.) støttar kodane som blir sett.
- Følgje opp avvik, manglar og feil – dialog med kliniske miljø for retting.
- Delta i intern kvalitetssikring, koderevisjonar og faglege gjennomgangar.
- Oppdatere seg på nye kodeverk, endringar i ISF-regelverk og interne retningslinjer.
- Eventuelle administrative/merkantile oppgåver knytt til datainnsamling, oppfølging og koordinering.
Medisinsk koder:
Sikrar kvalitet og korrektheit i diagnose- og prosedyrekoding, som er grunnlaget for ISF-inntekter, pasientstatistikk og mykje av rapporteringa i helseføretaket. Deres arbeid er avgjerande for rett datagrunnlag i analyse, controllerarbeid og KPP.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Formell kompetanse:
- Ønskeleg med utdanning innan merkantil/administrativ retning.
- Utdanning eller kurs i medisinsk koding er ein fordel, eventuelt vilje til å ta opplæring.
- Kjennskap til ICD-10, NCMP/NCSP og ISF-regelverk er ønskjeleg.
Ønskeleg med erfaring innan:
- ICD-10, NCMP/NCSP og ISF-regelverk.
- Merkantilt arbeid i helsevesenet.
- DIPS Arena eller andre pasientjournalsystem.
- Kvalitetskontroll, registrering eller databehandling.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er nøyaktig, påliteleg og kvalitetsbevisst
- likar å arbeide med struktur, regelverk og detaljar.
- er fagleg nysgjerrig og lærevillig.
- har god systemforståing og evne til å tileigne seg regelverk.
- har gode kommunikasjonsferdigheiter i dialog med kliniske miljø.
- tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver.
Kvifor skal du velje oss?
- Fagleg sterkt miljø i nyoppretta avdeling
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Tverrfagleg samarbeid
- Sterkt fokus på utvikling
- Ein arbeidsplass som verdset nysgjerrigheit og fagleg initiativ
- Fleksibel arbeidskvardag
- Eit inkluderande og raust arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sølvi Apeland Rogde, Økonomi- og finansdirektør, +47 41294054Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5057952586
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.02.2026
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6c080781-a8f0-4a69-a88f-bb8616404c02
- Sist endret
9. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
574e62db928e4f14be8c204fad6d4c97
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Merkantile tjenester Avdeling for rus og avhengighet, (ARA),
Sted
Haugesund
Arbeidsgiver
Sentrum behandlingssenter
Sted
Haugesund
Arbeidsgiver
Dialogsenteret
Sted
Haugesund
Controller
Arbeidsgiver
Foretaksøkonomi, Helse Fonna HF
Sted
Haugesund