Hopp til innhold

Assistent

Arbeidsgiver

Gastroenterologisk poliklinikk, Haugesund Sjukehus

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Om jobben

Stillingstittel
Assistent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 24. mars

Assistent med engasjement for å halde den raude tråden i god pasientflyt?

Gastromedisinsk poliklinikk søkjer ein positiv, strukturert og løsningsorientert assistent. Hos oss utgreier og behandlar vi pasientar med sjukdommar i fordøyingssystemet gjennom endoskopiske prosedyrar og poliklinisk oppfølging. Her blir du ein del av eit kompetent og trivleg fagmiljø der vi legg vekt på kvalitet i arbeidet, og gode opplevingar - både for pasientar og medarbeidarar.

Vi ønskjer oss ein kollega som tek initiativ, sørger for god arbeidsflyt og held orden i arbeidskvardagen. Assistentane våre handterer skop, utstyr, vaskemaskinar, klargjer utstyr og undersøkelsesrom, samt sørgjer for at nødvendig utstyr er tilgjengeleg til ei kvar tid. Dei held overblikket over drifta, og er viktige bidragsyterar for at pasientane si utgreiing og behandling går så sømfritt som mogleg. 

Er du ein som er ansvarsbevisst, positiv og likar å halde orden? Då håpar me du søker hos oss. 


Kva går jobben ut på?

  • Klargjøre undersøkelsesrom og nødvendig utstyr
  • Reingjering av skop og anna utstyr
  • Handtere skopvaskemaskin og instrumentvaskemaskin (opplæring gis)
  • Holde orden
  • Fylle på utstyr
  • Lager

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Det er ønskeleg med helsefagleg utdanning.
  • Ønskeleg med relevant erfaring.
  • Søkjarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå.

Kva ser vi etter hos deg?

  • Set pris på å samarbeide med kollegaer.
  • Tek initiativ og ser kva som må gjerast.
  • Bidreg positivt til arbeidsmiljøet.
  • Tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver.
  • Ser etter løysningar.
  • Holder roen når tempoet aukar, og klarer å prioritere det viktigaste her og no.
  • Er nysgjerrig og verdset ny kunnskap.

Personlege eigenskapar blir vektlagd.

Kvifor skal du velje oss?

  • Ein spennande arbeidskvardag.
  • Eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø.
  • Moglegheit for utvikling.

Kontaktinformasjon

Ida Dankel Seim, Funksjonsleiar, 95554638, ida.dankel.seim@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5092780645
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Ida Dankel Seim

Funksjonsleiar

95554638

ida.dankel.seim@helse-fonna.no

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d95b053c-f781-41e0-87c6-052e9d961047

Sist endret

10. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

5e7a67354a024d5badd041012a0f6d8d

Lignende annonser