Seniorkonsulent
Universitetet i Oslo
Boks 1072 Blindern, 0316 Oslo
Om jobben
- Stillingstittel
- Seniorkonsulent
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. februar
Om stillinga
Det samfunnsvitskaplege fakultet, Psykologisk institutt, søkjer ein ryddig, sjølvstendig og omgjengeleg disputaskoordinator i fast stilling som Seniorkonsulent SKO1363. Den som blir tilsett vil få koordinerande ansvar for disputasgjennomføringa ved Psykologisk institutt, samt andre driftsoppgåver knytt til Ph.d.-programmet og studieseksjonen ved instituttet.
Stillinga vil inngå i instituttet si studieavdeling med om lag 10 tilsette og føreset tett samarbeid med programleiing, Ph.d.-kandidatar og administrasjon ved både institutt og fakultet. Stillinga inneber mykje kontakt og samarbeid med Ph.d.-kandidatar, rettleiarar og eksterne samarbeidspartnar.
Psykologisk institutt har høg aktivitet og er Norge sitt høgast rangerte miljø for psykologi. Våre forskarar hevdar seg med fagleg sterke forskingsmiljø med høg søknadsaktivitet og ein innhaldsrik prosjektportefølje inkludert fleire ERC-prosjekt. Instituttet er i sterk vekst og får eit stadig meir internasjonalt miljø som stiller høge krav til vår administrasjon. Studietilbodet er eit av Noreg sine mest populære og omfattar i tillegg til forskarutdanninga (Ph.d.-grad), profesjonsstudiet i psykologi, bachelorprogram, masterprogram og årseining i psykologi.
Dine arbeidsoppgåver vil i hovudsak vere
- Sakshandsaming og oppfølging av kandidatar i avslutninga av Ph.d.-studiet, frå innlevering av avhandling og fram mot disputasen
- Oppfølging og koordinering med interne og eksterne opponentar, rettleiarar og kandidatar.
- Oppgåver knytt til time- og eksamensplanlegging, oppfølging av studiekvalitet, timerekneskap og andre driftsoppgåver for Ph.d.-programmet i samarbeid med Ph.d.-rådgjevar.
- Bestilling av varer, tenester og reiser.
- Bestille og opprette kontraktar for eksterne.
- Informasjonsrelaterte oppgåver, som arbeid med nettsider og oppdatering av infoskjerm.
Enklare sakshandsamaning og driftsoppgåver knytt til studieseksjonen.
Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga dersom omsynet til instituttets verksemd tilseier dette. Vi ynskjer difor en person som er fleksibel og løysningsorientert som kan hjelpe til med å løyse instituttets oppgåver når det trengs.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Kvalifikasjonskrav:- Høgare utdanning på minimum bachelornivå. Dokumentert relevant realkompetanse med relevans for dei aktuelle oppgåvene kan i særskilte tilfelle kompensere for utdanningskravet.
- Relevant arbeidserfaring frå universitets- og høgskulesektoren innan studieadministrativt arbeid og/eller Ph.d.-utdanning.
- Kjennskap til eller erfaring med instituttet sine fagområde og studieprogram.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk.
- Kjennskap til regelverk for Ph.d.
- Kompetanse eller erfaring med kommunikasjonsarbeid, vedlikehald av nettsider og utarbeiding av informasjonsmateriell
Kjennskap til og erfaring med UiO-arbeidsverktøy, mellom anna Felles Studentsystem (FS), EpN, Inspera, TP, DFØ, arkivsystem m.m.
Stillinga får hovudansvar for disputasgjennomføringa ved instituttet og vi ser derfor etter ein serviceinnstilt, nøyaktig og sjølvgåande kollega.
Vi søkjer deg som er:
- Du er strukturert og sjølvstendig med evne til å handtere fleire oppgåver samstundes.
- Du er god til å samarbeide og har gode organisatoriske eigenskapar.
- Du er nøyaktig, detaljorientert og har god gjennomføringsevne.
- Du er serviceinnstilt og profesjonell i din kommunikasjon med ulike aktørar.
- Det vil bli lagt vekt på at ein er personleg eigna til stillingane.
Personleg eignaheit vil bli tillagt vekt.
Vi treng ulike perspektiv i arbeidet vårt
UiO er eit ope og internasjonalt breiddeuniversitet, og ønskjer å vere ein inkluderande og mangfaldig arbeidsplass og studiestad. Les meir om UiOs arbeid for likestilling, inkludering og mangfald på uio.no.
Vi løyser samfunnsoppdraget vårt best når vi tek i bruk dei ulike erfaringane, bakgrunnane og perspektiva våre. Vi ønskjer oss fleire gode kollegaer – kanskje den neste er deg?
Vi vil leggje til rette dersom du har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere endring av arbeidstid, tilpassing av arbeidsoppgåver, digital, teknisk eller fysisk tilrettelegging, eller andre praktiske tilpassingar.
Har du innvandrarbakgrunn, funksjonsnedsetjing eller hol i CV-en, oppmodar vi deg til å krysse av for dette i jobbsøkarportalen. Vi kallar alltid inn minst éin kvalifisert søkjar frå kvar gruppe til intervju. Med funksjonsnedsetjing meiner vi her ein søkjar som oppgjer å ha ei funksjonsnedsetjing som vil medføre tilrettelegging på arbeidsplassen eller i arbeidsforholdet. Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen.
Avkryssingane i jobbsøkarportalen blir brukte til anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
Vi håpar du søkjer på stillinga hos oss.
Hvorfor skal du velge oss?
- Spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag, som bidreg til kunnskapsutvikling, utdanning og opplysing som fremjar ei berekraftig, rettferdig og kunnskapsbasert samfunnsutvikling.
- Engasjerte kollegaer i eit godt arbeidsmiljø.
- Gode velferdsordningar.
- Moglegheit for inntil 1,5 time i veka med trening i arbeidstida.
- Ein arbeidsplass med gode utviklings- og karrieremoglegheiter.
- Medlemskap i Statens Pensjonskasse, som er ein av Noregs beste pensjonsordningar med gunstige bustadlån og gode forsikringsordningar.
- Lønn som seniorkonsulent, stillingskode 1363 i lønnsspenn kr fra 590.000kr - 670.000kr avhengig av kompetanse og erfaring. Frå lønna vert det trekt 2 prosent i lovfesta innskot til Statens Pensjonskasse.
Les meir om fordelane med å jobbe i staten i Arbeidsgjevarportalen.
Søknad
Søknaden skal inneholde:
- Søknadsbrev.
- CV.
- Vitnemål og attester.
- Kontaktinformasjon til 2-3 referanser.
Søknad med vedlegg må sendes inn via vårt rekrutteringssystem Jobbnorge, klikk “Søk stillingen”.
Når du søker på stillingen, ber vi deg hente utdanningsresultatene dine fra Vitnemålsportalen.no. Om utdanningsresultatene dine ikke er tilgjengelige via Vitnemålsportalen, ber vi deg laste opp kopier av vitnemålene eller karakterutskriftene dine. All dokumentasjon må være på engelsk eller et skandinavisk språk.
Generell informasjon
Aktuelle søkjarar vil bli invitert til intervju.
Søkerlister kan bli offentleggjort iht. Offentleglova § 25 andre ledd. Når du søker jobb hos oss, vil namnet ditt stå på den offentlege søkarlista. Det er mogleg å be om å bli unntatt denne lista. Du må grunngje kvifor du ønskjer unntak frå offentleggjering, og vi tek deretter stilling til om vi kan innvilge ønsket ditt. Kan vi ikkje det, vil du høyre frå oss.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Oslo er den eldste og høgst rangerte forskings- og utdanningsinstitusjonen i Noreg, med 26 500 studentar og 7 200 tilsette. Fagleg breidde og internasjonalt anerkjende forskingsmiljø gjer UiO til ein viktig samfunnsaktør.
Psykologisk institutt er det eldste psykologiske instituttet i Noreg. Forskinga ved instituttet er internasjonalt retta med fleire internasjonale samarbeidsprosjekt, og speglar psykologien sitt mangfald og kontaktflate med andre vitskaplege disiplinar, i medisin, humaniora og samfunnsfag. Studietilbodet i psykologi omfattar profesjonsstudiet i psykologi, samt eit bachelor- og mastergradsprogram. I tillegg har instituttet ei forskarutdanning (Ph.D.-grad) med 140 registrerte kandidatar. Instituttet har ein stab på 75 fast vitskapleg tilsette, ca. 70 stipendiatar og postdoktorar, og ein teknisk/administrativ stab på 22 personar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6be65ee6-fe32-4d58-91f2-bf30cdc58c82
- Sist endret
23. januar 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10278716
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Universitetet i Oslo
Sted
Oslo
Seniorkonsulent - studie
Arbeidsgiver
Universitetet i Oslo
Sted
Oslo
Arbeidsgiver
Universitetet i Oslo
Sted
Oslo