Hopp til innhold

Helsefagarbeidar

Arbeidsgiver

Høyanger kommune Bu- og miljøtenesta

Sted

Høyanger

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Type ansettelse
Fast, deltid 70%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Ved bu og miljøtenesta Lavik har vi ledig 70% stilling som helsefagarbeidar frå snarast.
Arbeidstida er turnus med arbeid 3 kvar helg med mulighet for langvakter.

 Arbeidsoppgåver:

  • sikre forsvarlege pleie- og omsorgstenester ved eininga, og at oppgåver blir utført i tråd med kvalitetskrav og lovverk
  • følgje opp brukarar av tenestetilbodet i dagleglivet
  • utøve trygg og god personsentrert omsorg
  • observere og dokumentere i kommunen sitt journalsystem
  • bidra til godt samarbeid med brukarar, pårørande og andre tenesteytarar

 

Kven søkjer vi etter: 

Vi søker deg som er fagleg trygg og som ynskjer å bli ein del av eit fagleg spennande og godt arbeidsmiljø. Vi er opptekne av kvalitet og fagutvikling med fokus på å gjere kvarandre gode.

Du må ha autorisasjon som helsefagarbeidar og må beherske norsk muntleg og skriftleg. Du må ha førarkort kl B (fortrinnsvis manuell gir). Det er ein føremon med erfaring og/eller vidareutdanning innan aktuelt fagfelt.


Personlege eigenskaper:

  • fagleg engasjert og trygg i rolla di
  • har evne til å jobbe sjølvstendig og på lag med andre
  • positiv, samarbeidsvillig og serviceorientert

 

Kvifor søkje stilling hos oss?

  • Startar på avlønning tilsvarande 8 års ansiennitet
  • 15 000,- i tillegg til tarifflønn ved 16 års ansiennitet
  • God opplæring og rettleiing
  • Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
  • triveleg arbeidsmiljø med aktive, engasjerte og dyktige kollegaer
  • gode pensjons- og forsikringsordningar

Den som vert tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest før oppstart i stilling

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Eining for menneske med nedsett funksjonsevne gjev tenester til brukarar og har lokalisasjonar i Høyanger, Vadheim og Lavik.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6bdbfb24-5014-4aa9-b281-341d4a82e293

Sist endret

9. desember 2025

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3567423_230155_nn

Lignende annonser