Hopp til innhold

Me søkjer engasjerte og omsorgsfulle helsefagarbeidarar til vårt lag- me ser fram til å høyre frå deg�

Arbeidsgiver

Etne kommune Heimetenesta

Sted

Holmavegen 30, 5590 Etne

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeiar 80-100%
Type ansettelse
Fast, heltid 100% og deltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 12. mars

Hjå oss skjer det mykje positivt! Fleire av våre dyktige kollegaer er i lykkelege omstende og skal ut i permisjon ???? Derfor styrkjer me bemanninga vår og har no ledige faste stillingar som helsefagarbeidar. Me søkjer engasjerte og omsorgsfulle medarbeidarar som ønskjer å bli ein del av vårt gode og utviklande fagmiljø. Heimebaserte tenester i Etne kommune har ledig 80–100 % fast stilling som autorisert helsefagarbeidar. Me ser etter deg som vil vere med og bidra til at heimebuande i kommunen får ein trygg, verdig og meiningsfull kvardag i eigen heim. Tenesta har hovudkontor i Etne, med basekontor i Skånevik. Hjå oss får du varierte arbeidsdagar, tett samarbeid med dyktige kollegaer og moglegheit til å gjere ein viktig forskjell for innbyggjarane våre – kvar einaste dag. 

Arbeidsoppgåver

Pleie og omsorgsoppgåver til heimebuande. Dette inneber:

  • Pleie
  • Legemiddelhandtering
  • Observasjon og oppfølging av medisinke tiltak
  • Kvardagrehabilitering
  • Samarbeid med pårørande, sjukepleiar, lege og andre
  • Vurdere tenestebehov
  • Handtering av velferdsteknologiske løysingar/ hjelpemidlar
  • Dokumentasjon i gjeldande fagsystem.
  • Vera kjent med og følgje rutinar i gjeldande kvalitetssytem.
  • Delta i utvikling av eigen arbeidsplass.
  • Delta i rettleiing og opplæring av kollegaer, elevar/ lærling og andre.

Kvalifikasjonar

  • Autorisert helsefagarbeidar.
  • Førerkort klasse B.
  • Gode samarbeidsevne, er strukturert og målretta.
  • Evne til fleksibilitet, nytenking og initiativtaking.
  • Generell god digitalkompetanse og kan tileigna deg gjeldande fagsystem

Eigenskapar

  • Trygg og stabil medarbeidar med sunn verdier og haldningar.
  • Evne til å handtera uventa situasjonar med ro og fagleg tryggleik.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i team, og ha god framdrift i arbeidet.
  • Trives i eit aktivt og effektivt arbeidsmiljø med fokus på kvalitetsforbetring.
  • Bidreg positivt til arbeidsmiljøet.
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter, både munnleg og skriftleg.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Me tilbyr

  • Eit arbeid med meining.
  • Ein variert arbeidskvardag med faglege utfordringar som gjer meistring.
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø.
  • Årsturnus med arbeid frå 2. til 4. kvar helg.
  • Langvakter som inkl. arbeidsperiodar etterfulgt av lengre friperiodar.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Løn og vilkår etter gjeldande avtaleverk.

Annan informasjon

Mellom stupbratte fjell, lange fjordar, knallgrøne enger og imponerande fossefall finn du vakre Etne. Ein liten kommune med 4000 innbyggarar og mange spennande arbeidsplassar. Med ca. 1 time til Haugesund, to timer til Stavanger og 3,5 timer til Bergen er me plassert midt i smørauga mellom mange fantastiske turistattraksjonar og unike natur- og kulturopplevingar. Arbeidsplassen ligg sentralt til med gangavstand til lege, barnehage, skule, kultur, handel og næring. Etne har eit godt servicetilbod til hotell og matservering. Me har eit flott kultur- og idrettstilbod i kommunen. Me kan tilby flott natur og friluftsliv med moglegheit for både fjord- og elvefiske. I Etne kommune er du garantert barnehageplass, bygda tilbyr både privat og kommunal barnehage. Vidaregåande er 1 mils avstand med tilrettelagte bussforbindingar. Det ee korte avstandar til preparerte skiløyper og 1 times avstand til skianlegg. Det er eit mangfald av turisthytter og oppmerka turløyper. Eige treningssenter, 25 meter utandørs oppvarma svømmebasseng, velvære tilbod og fysioterapi. Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg skal det leggast fram godkjent politiattest. Det skal i tillegg leggjast fram godkjent dokumentasjon på tuberkulinkontroll og status på MRSA før oppstart i jobb i helse og omsorg. Treng du meir opplysning om dette, ta kontakt med helsestasjon.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Vibeke Skjold Heggebø

+47 97626500

Vibeke.Skjold.Heggebo@etne.kommune.no

Om bedriften

Etne kommune har ca 4 100 innbyggjarar, med gode levekår for både unge og eldre og full barnehagedekning. Kommunen har arbeidsplassar innanfor landbruk, mekanisk industri, varehandel, service og ulike tenesteytande næringar. Kulturtilbodet er godt og variert, med flotte tilhøve for sport og friluftsliv. Tenestemålet er nynorsk. TIlgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6ede7361-a3b4-49f6-8444-f107efd1a632

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0137caa4-e55b-45f9-aa3f-dc231d8e38df

Sist endret

26. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3600599_213799_nn

Lignende annonser