Hopp til innhold

Helsefagarbeidar 80% stilling

Arbeidsgiver

Tenester til menneske med utviklingshemming

Sted

Skårdalsvegen 22, 5610 Øystese

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 8. mars

Er du engasjert, initiativrik og trygg? Då kan du vera den me søkjer etter.

I bufellesskap Øystese har me ledig:

  • 1 stilling som miljøarbeidar frå  01.05.2026 i 80 % stilling
  • Stillinga er for tida med arbeid i todelt turnus der dei fleste vaktene er seinvakter og med arbeid 3. kvar helg. 

 

Me ønskjer å bidra til at:

  • Tenestemottakarane kan oppretthalda god livskvalitet
  • Ha gode relasjonar til dei rundt seg
  • Ta del i meiningsfullt arbeid og aktivitet

Bufellesskap Øystese har eit godt arbeidsteam med erfaring og utdanning på tvers av ulike fagkompetansar. Gruppa gjev teneste til personar i 4 ulike bufellesskap samt ambulerande uterute. Saman skal me gje bebuarane våre den beste plass å vera. Du vil møta mottakarane i alle aspekt av livet; på jobb, skule og i heimen, til kvardag og til fest, i gode og i dårlege dagar. Mykje av arbeidet vårt foregår i team.


Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av kvar enkelt bebuar sitt behov for hjelp og omsorg
  • Ta del i dagleg drift av bufellesskap og heimetenester til menneske med utviklingshemming
  • Samarbeid med interne og eksterne støtteapparat 
  • Legemiddelhandtering 
  • Primærkontaktansvar 
  • Bidra i målretta miljøarbeid og dokumentasjon

Kvalifikasjonar

Me ønskjer oss medarbeidarar med god fagkompetanse og eit sterkt engasjement

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar.   
  • Ønskjeleg med relevant erfaring innan fagfeltet
  • Førerkort klasse B
  • Vera ein solid fagperson som bidreg til utviklinga av eit godt arbeids- og fagmiljø 
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg (tilsvarande B1)
  • Lærlingar som brenn for dette feltet og får autorisasjon i 2026 oppmodast også til å søkja.
  • Alle som yter tenester etter Helse og omsorgslova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor legga fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggast ved søknaden.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.

Personlege eigenskapar

Me ynskjer oss deg som har:

  • gode relasjons- og kommunikasjonsevner
  • evne til arbeida med målretta miljøarbeid, er systematisk og ryddig som person
  • gjennomføringsevne og vilje til jobba aktivt i forhold til å fremja sjølvbestemming og meistring hjå brukar 
  • gode haldningar, god lagspelar og kollega

Me tilbyr

  • Spanande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Eit godt og inkluderande fagmiljø
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
 Generell informasjon 
  • Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak.
  • I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
  • Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette

    Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.   

Kontaktinformasjon

Ester Aalvik Hauger, Leiar bufellesskap Øystese, +47 906 41 401

Arbeidsstad

Skårdalsvegen 22
5610 Øystese

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kvam herad

Referansenr.: 5079139400
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 08.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Ester Aalvik Hauger

Leiar bufellesskap Øystese

+47 906 41 401

Om bedriften

Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.

Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.

Ein kommune for framtida
Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Kvam vidaregåande skule og kulturhus opna i januar 2026 og ligg i Norheimsund sentrum. Skulen har fagtilbod innan yrkesfag og studiespesialiserande linjer. I samme bygg finn du vaksenopplæringa, Kvam kino, folkebibliotek og skulebibliotek. 

Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid. 

Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

44d1aa01-c910-485b-b9ab-604ae0a064b5

Sist endret

12. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

81ff954249bd4baaabd6cde293db966b

Lignende annonser