Hopp til innhold

Har du lyst til å leia ein av Noregs mest særeigne festivalar?

Arbeidsgiver

Kulturkontoret AS

Sted

5680 Tysnes

Om jobben

Stillingstittel
Festivalsjef - Tysnesfest (100 % stilling)
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk snarest mulig

Tysnesfest er ein av Vestlandets mest særeigne og etablerte festivalar --- tre dagar med musikk, kultur og fellesskap i spektakulære omgivnader på Tysnes. Festivalen samlar over 5 000 publikummarar dagleg og er ein viktig kulturinstitusjon i regionen.

BT har omtalt Tysnesfest som “Noregs mest spinnville festival -- deilig anarkistisk og komplett uforutsigbar.”

Stillinga er tilsett i Kulturkontoret AS, som utviklar og driv Tysnesfest og fleire andre kultur- og utviklingsprosjekt i regionen.

Tysnesfest har vore leia av same festivalsjef i nær ti år. No vert det gjennomført eit planlagt leiarskifte, og me søkjer ein festivalsjef som vil ta det operative og strategiske hovudansvaret for festivalen vidare. Dagens leiing vil framleis vere involvert gjennom Kulturkontoret AS og bidra til kontinuitet og vidare utvikling.

Om rolla

Som festivalsjef har du det overordna ansvaret for Tysnesfest si utvikling og gjennomføring. Du set saman med styret den kunstnariske retninga, leiar programmeringa og har ansvar for økonomisk resultat, kommersiell utvikling og organisasjon.

Stillinga rapporterer til dagleg leiar i Kulturkontoret AS og til styret i Stiftinga Tysnesfest.

Hovudansvar

  • Heilskapleg leiing av Tysnesfest --- kunstnarleg, strategisk og økonomisk

  • Resultat- og budsjettansvar

  • Kunstnarleg profil og programmering

  • Sponsorsal og utvikling av partnarskap

  • Relasjonsbygging mot artistar, bransje, næringsliv og samarbeidspartnarar

  • Leiing av produksjonsteam og samarbeid med arenaansvarlege

  • Representere festivalen eksternt

Festivalen vert utvikla i tett samarbeid med Kulturkontoret AS, der både dagleg leiar og sentrale nøkkelpersonar er aktivt involverte i vidare strategisk arbeid. Endeleg fordeling av oppgåver --- til dømes innan booking eller andre funksjonar --- vert avklart i dialog med rett kandidat.

Organisering og rolleutforming

Stillinga er ei fast 100 % tilsetjing i Kulturkontoret AS, der Tysnesfest vil vere ditt kjerneoppdrag.

Kulturkontoret AS er eigd av Stiftinga Tysnesfest og Tysnes Kraftlag og utviklar og driv fleire kultur- og utviklingsprosjekt i regionen. Selskapet har i dag roller i mellom anna Festidalen, Utkant, First Lego League Sunnhordland, og fleire prosjekt i Stiftinga Framtidshavet, blant anna Rein Hardangerfjord.

For rett kandidat kan rolla òg utvidast med ansvar innan kommunikasjon, reiseliv eller andre prosjekt i Kulturkontoret si portefølje. Samla ansvarsområde vert fastsett ut frå kompetanse, erfaring og rolleomfang.

Kven me ser etter

Me søkjer ein trygg og ambisiøs leiar med gjennomføringskraft og strategisk blikk. Du trivst i skjeringspunktet mellom kunst, kommers og organisasjon og er komfortabel med både langsiktig utvikling og operative avgjerder.

Me ønskjer at du har:

  • Erfaring frå festival, kulturverksemd eller større prosjektleiing

  • Lokal forankring eller god kjennskap til regionen

  • Erfaring med budsjett- og resultatansvar

  • Forretningsforståing og evne til å utvikle inntektsgrunnlag

  • Sterke relasjons- og kommunikasjonsevner

  • Erfaring med å leie og motivere team

Det er ein fordel om du har nettverk i musikkbransjen og erfaring med booking eller sponsorarbeid.

Me tilbyr

  • Ei sentral leiarrolle i ein etablert og respektert festival

  • Eit aktivt og profesjonelt kulturmiljø i regionen

  • Moglegheit til å forme både rolle og kunstnarisk retning

  • Fast 100 % stilling

  • Løn og ansvarsomfang vert fastsett ut frå kompetanse og samla rolle

  • Muligheter for profesjonell utvikling og nettverksbygging

  • Fleksibilitet i arbeidstid

Om bedriften

Sitat bt.no:
"-- Her er profilen at man kan booke alle band man har hørt om noensinne. Tysnesfest er Norges mest spinnville festival med noe for mildt sagt enhver smak. Deilig anarkistisk og komplett uforutsigbar, sier Lønningen.

Det er ingen andre festivaler i verden man kan oppleve artister som Trang Fødsel, Sushi x Kobe, The Prodigy og Smokie på samme scene på samme kveld."

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6b5a2507-5c24-4979-9e39-c99ff5d60bde

Sist endret

13. mars 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

454870200

Lignende annonser

Laster lignende annonser