Formidlingsleiar
Sunnhordland Museum Sti
Museumsbakken 16, 5417 Stord
Om jobben
Er du glad i kulturarv, historie, formidling og menneske? Sunnhordland museum søkjer ein engasjert og strategisk formidlingsleiar som vil vere med og vidareutvikla museet si rolle som ein open, relevant og inkluderande samfunnsaktør i Sunnhordland.
- Stillingstittel
- Formidlingsleder
- Oppstart
- Etter avtale
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest lørdag 14. mars
Send søknad til
Hva vi ser etter
Kvalifikasjonar-
Relevant høgare utdanning innan museum, kulturhistorie, pedagogikk, formidling eller tilsvarande
-
Du har kunnskap om og kan bidra i museet sitt arbeid med SOME og digital formidling
-
Erfaring frå formidlingsarbeid, gjerne frå museum eller kulturinstitusjon
· Leiarerfaring eller erfaring med prosjektleiing
-
Førarkort minimum kl B.
-
Relevant erfaring kan i visse høve erstatte manglande utdanning
· Engasjert, oppdatert og kreativ
· Strukturert, utviklingsorientert og sjølvstendig
· Gode evner til å inspirere og samarbeide
· Handlekraftig og ansvarsfull
Arbeidsoppgaver
**Om stillinga:**Formidlingsleiaren har det overordna faglege og strategiske ansvaret for museet si formidlingsverksemd. Stillinga kombinerer leiing, utviklingsarbeid og praktisk formidling, og er sentral i arbeidet med å synleggjera og styrkja museet sin relevans og samfunnsrolle. Formidlingsleiaren er ein del av eit spanande tverrfagleg miljø og rapporterer til museumsdirektør.
Aktuelle arbeidsoppgåver:-
Formidle Sunnhordland si kulturarv for alle museet sine målgrupper
-
Utvikle formidlingsprosjekt og søke eksterne prosjektmidlar
-
Vera med å skapa utstillingar
-
Planleggja og gjennomføra arrangement
-
Førebu eit variert tilbod til sommarsesongen og følgje opp sommarvikarar
-
Arbeid med publikumsutvikling, inkludering og nye formidlingsformer
Vi tilbyr
-
Ein interessant og variert stilling i eit spennande og tverrfagleg miljø
-
Moglegheit for kompetanseheving gjennom kurs, seminar og nettverk
-
Varierte oppgåver med stor fridom til å påverke og utvikle museet si formidling
-
Fleksitid og fri telefon
-
Lønn etter avtale i stillingskode 1434/1364 basert på landsovereinskomsten for museum (Virke). God pensjonsordning.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sunnhordland museum er eit regionalt museum for alle dei åtte kommunane i Sunnhordland med administrasjonsbygg på Sunnhordlandstunet på Leirvik. Museet dokumenterer regionen si historie gjennom innsamling, bevaring, kunnskapsutvikling og formidling. Museet skal fremja interesse for kunnskap om fortida, engasjement i notida og refleksjon rundt framtida. Museet skal stimulera både innbyggarar og besøkande si interesse for regionshistoria. Museet har fleire arenaer og samarbeider tett med lokalsamfunn, frivillige, skular og regionale aktørar. Museet forvaltar 40 verneverdige bygg på ulike lokalitetar i regionen, saman med gjenstadsamlingar, foto og privatarkiv. Museet utgjer ca. 11 årsverk.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
300b5181-c24b-4e22-b41c-768795958685
- Sist endret
12. februar 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
300b5181-c24b-4e22-b41c-768795958685
Lignende annonser
Museumsmedarbeider
Arbeidsgiver
Sunnhordland Museum Sti
Sted
Stord
Arbeidsgiver
Moster Amfi- Og Kyrkjehistoriske Senter As
Sted
Mosterhamn
Leder ressursstyring
Arbeidsgiver
Stord kommune
Sted
Stord