Hopp til innhold

Avdelingsleiar Haugen bufellesskap og dagsenter - vikariat

Arbeidsgiver

Tysnes kommune

Sted

Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsleiar Haugen bufellesskap og dagsenter - vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 10. mai

Om stillinga

Me søker ein engasjert, strukturert og utviklingsorientert leiar til Haugen bufellesskap og dagsenter for menneske med utviklingshemming. Stillinga er eit vikariat med oppstart snarast og varer til og med 31.05.2027.

Haugen bufelleskap er ein heim for menneske med utviklingshemming. Bufellesskapet er døgnbemanna og har dyktige tilsette med ulik fagbakgrunn. Me støttar brukarane i å meistre daglege gjeremål, delta på dagsenter eller i arbeid, og vere med på ulike fritidsaktivitetar. Bufellesskapet består av fire bu-einingar, er døgnbemanna og har rundt 28 tilsette med variert fagbakgrunn. 

Som avdelelingsleiar har du det overordna ansvaret for fag, personal og økonomi, og du blir ein del av leiarteamet til einingsleiar i open omsorg. Du kjem til å samarbeida tett med fagansvarleg på dagsenter, avdelingsleiar i Vågsmarka bufellesskap, og andre samarbeidspartnere internt og eksternt.


Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for dagleg drift, turnus og tilrettelegging av tenesta
  • Personal- og administrativt ansvar
  • Fagleg rettleiing
  • Leie og utvikle bufellesskapen i samsvar med gjeldande lovverk, kommunale vedtak og målsettingar
  • Planlegge og delta i miljøarbeid for tenestemottakarane
  • Fokus på tenesteutvikling, kompetanseheving, kvalitet, HMT og kontinuerleg forbetringsarbeid
  • Samarbeide tverrfagleg på tvers av tenesteområde og med spesialisthelsetenesta
  • Samarbeide med tenestemottakar, pårørande og verge
  • Saksbehandling og dokumentasjon

Kvalifikasjonar

  • Bachelorgrad innen sosialt arbeid, vernepleie eller anna relevant utdanning, minimum på bachelornivå.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
  • God IKT-kompetanse.
  • Førarkort kl. B.

Det er ønskeleg med:

  • Leiarerfaring og/eller -kompetanse.
  • Erfaring med brukargruppa.
  • Kunnskap om turnusplanlegging.
  • Kjennskap til sentrale kommunale lover som td. forvaltningslova og offentleglova.
  • God økonomi- og organisasjonsforståing.

Ved tilsetting må politiattest og helseattest for tuberkulose og MRSA leggast fram, jf. Lov om kommunale helse- og omsorgstenester § 5-4 og tuberkuloseforskrifta. Merknader på politiattest kan medføre endringer i tilbod om stilling.


Personlege eigenskapar

Me ønsker at du:

  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner og evne til å skape engasjement
  • har evne til nytenking, er utviklings- og løysningsorientert
  • har evne til å arbeide fleksibelt, målretta og strukturert, og har god gjennomføringsevne
  • er tydeleg og oppteke av å utvikle gode team og eit godt arbeidsmiljø.

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.


Kvifor skal du jobba hos oss?

Hos oss blir du ein del av eit tverrfagleg miljø i bufellesskapen, med dyktige og engasjerte kollegaer. Samarbeidet på tvers i eininga er godt, og du blir ein del av ei leiargruppe som er oppteken av å spele kvarandre gode, med mål om å yte gode tenester.

Du blir tilsett som avdelingsleiar med personal- og økonomiansvar, og er lønnsplassert lønnskapittel 3.4.3. Lønna blir årleg regulert gjennom lokale lønsforhandlingar. Stillinga er unormert, og avtaledagar blir gitt forholdsmessig for perioden vikariatet varer.

Stillinga er plassert i kapittel 3, med lønn etter avtale og årleg forhandling. Tilsetting hos oss gir medlemskap i KLP – Kommunal Landspensjonskasse. Det betyr at du får ei av dei tryggaste pensjonsordningane i Noreg, med gode forsikringsordningar og dessutan moglegheit for gunstige lån.

I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026.
Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar.

Synest du dette verkar som ei spennande stilling, eller det er noko du lurer på etter å ha lest annonsen? Ta gjerne kontakt med oss som står oppført som kontaktpersoner.

For at søknaden din skal bli vurdert ber me deg legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, i form av vitnemål og tenestebevis/arbeidsattester.


Informasjon til søkar 

Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar. 

Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge. 

Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.


Kontaktperson for stillingen

Therece Aga

Einingsleiar open omsorg

+47918 22 616

therece.aga@tysnes.kommune.no

Om bedriften

Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!

Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggande senter utanfor Bergen. Spør du oss, er dette den beste kommunen i verda å vekse opp i. Når me tel både store og små, er me i overkant av 3000 godlynte innbyggarar i Tysnes.

Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles ferjesamband mot nord og sør.

Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er opptekne av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

891b54f6-9993-4b79-b230-77ce72313a99

Sist endret

22. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10292413

Lignende annonser

Laster lignende annonser