Kultursjef/einingsleiar kultur
Kvinnherad kommune Sektor samfunnsutvikling
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 6. april
Vi søkjer ein strategisk, samlande og utviklingsorientert einingsleiar for kulturtenestene som kan løfte feltet vidare – i tett samarbeid med innbyggjarar, frivillig sektor, næringsliv og regionale aktørar.
Om stillingaSom kultursjef får du det overordna ansvaret for å etablere, utvikle og leie vår nye kultureining. Eininga høyrer til Sektor Samfunnsutvikling og her er tre avdelingar som skal styrke samarbeidet frametter:
- Kulturarena: Kvinnherad Arena, Kulturhuset Husnes og Husnes kino
- Bibliotek og bokbuss
- Frivilligsentralar med Bua på Husnes og i Rosendal
Arbeidsområdet er i endring og i tillegg til avdelingane sine noverande kjerneoppgåver skal nokre andre tenester utførast i eininga, td. drift av utstyrspool, tilskotsordningar, kunstnarkontakt og noko museumsdrift.
Det er til saman 20 tilsette på fleire lokasjonar. Du vil vere ein sentral initiativtakar for kommuneleiinga og du får ei nøkkelrolle for god samfunnsutvikling i Kvinnherad.
Dette omfattar:
- Strategisk utvikling av kulturfeltet, inkludert kulturplanlegging og kulturelle satsingar
- Samla leiaransvar for nyskapinga Eining kultur med personalansvar for avdelingsleiarane og budsjettansvar for eininga
- Bidrag til å nå kommunen sine vedtekne mål om eit friskt, grønt og attraktivt Kvinnherad
- Samarbeid med frivillige lag og organisasjonar, arrangørar og ressurspersonar, kommunale einingar og offentlege etatar, museum, festivalar og profesjonelle aktørar
- Forvaltning og utvikling av kulturmidlar, tilskotsordningar, kulturstipend, utstyrspool, museumsdrift og kunstnarsamarbeid
- Prosjektutvikling og programmering innan kultur, folkehelse, inkludering og lokalsamfunnsutvikling
- Deltaking i leiargruppe(r)
- Representasjon i lokale og regionale forum og kulturelt kontaktpunkt for innbyggjarane
Kven er du?
Vi ser etter ein kultursjef som:
- Har relevant høgare utdanning innan kulturfag, samfunnsfag og/eller leiing
- Har leiarerfaring innan kulturarbeid, offentleg forvaltning og prosjektleiing og erfaring frå endringsarbeid og organisasjonsbygging
- Er ein tydeleg og inspirerande leiar som får folk med seg og bygger ein robust organisasjon
- Kan ta i eit tak høgt og lågt, både morgon og kveld når det trengs
- Har god forståing for samspel mellom kommune, frivillig sektor og profesjonelle kulturmiljø
- Er strategisk, strukturert og utviklingsorientert
- Kommuniserer godt skriftleg, munnleg og visuelt, særleg på nynorsk og gjerne også på engelsk
- Har evne til å sjå heile kommunen og bygge kultur som bind oss saman
- Har førarkort
Av personlege eigenskapar ønskjer vi særleg dette: lojal, etterretteleg, fleksibel, kvalitetsmedviten, tolmodig og venleg.
Med eit glimt i auget byr vi på:
- Fast stilling og laus snipp
- Stort ansvar og lite kjeft
- Brei portefølje og smalt budsjett
- Grøne verdiar og (nokre) raude dagar
- Friske takter og sjukt travle dagar
Meir formelt tilbyr vi:
- Eit engasjert fagmiljø og dyktige medarbeidarar
- Arbeid i heile kommunen med oppmøtestad Husnes og Rosendal
- Løn etter avtale
- Snarleg tiltreding
- Stillinga er unnateke overtidsreglane og har 10 ekstra fridagar som kompensasjon for dette
- Tilsetjing etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med hovudtariffavtalen og arbeidsmiljølova
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
- Dekking av flytteutgifter etter nærare reglar
- Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet
- Ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring
- Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen
Gyldig politiattest må leggjast fram der det er påkravd.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5860e4e4-cf8d-4b47-bb43-39bee4391a0f
- Sist endret
9. mars 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3603803_225971_nn
Lignende annonser
Kommunalsjef
Arbeidsgiver
Stord kommune
Sted
Stord
Arbeidsgiver
Tysnes kommune
Sted
Uggdal
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Kulturskulen
Sted
Odda