Dagleg leiar Øystre Slidre Frivilligsentral
Øystre Slidre kommune
Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
Om jobben
- Stillingstittel
- Dagleg leiar Øystre Slidre Frivilligsentral
- Type ansettelse
- Fast, deltid 70%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. oktober
Øystre Slidre kommune søkjer ein engasjert og utviklingsorientert dagleg leiar i 70 % fast stilling frå 1. januar 2027 til Frivilligsentralen. Stillinga vert lyst ut fordi vår daglege leiar går av med pensjon etter mange år i tenesta.
Vil du vere ein pådrivar for fellesskap og frivillig engasjement? Då kan dette vere stillinga for deg. Vi ser etter ein person som ønskjer å skape møteplassar, inspirere andre til å bidra og utvikle aktivitetar for menneske i alle aldrar. Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med stort handlingsrom og gode moglegheiter til å setje ditt preg på arbeidet.
Frivilligsentralen er ein open møteplass for alle innbyggjarar og ein viktig samarbeidspartnar for lag, foreiningar, frivillige og kommunen. Gjennom samarbeid, samskaping og frivillig innsats bidreg sentralen til fellesskap, aktivitet og inkludering i lokalsamfunnet. Frivilligsentralen skal stimulere til frivillig engasjement og vere eit bindeledd mellom kommunen og frivillig sektor.
Øystre Slidre Frivilligsentral er eigd av Øystre Slidre kommune og organisert under kulturavdelinga, der tenesteleiar for kultur er næraste leiar. Verksemda skal drivast i samsvar med forskrift om tilskot til frivilligsentralar og sentralen sine eigne vedtekter.
Som dagleg leiar får du ei sentral rolle i å leggje til rette for eit levande og inkluderande lokalsamfunn. Du vil vidareutvikle sentralen sitt arbeid i tett samarbeid med frivillige, organisasjonar, kommunen og andre samarbeidspartnarar.
Dagleg leiar arbeider saman med ein medarbeidar i 30 % stilling og med Samhandingsrådet for Frivilligsentralen. Frivilligsentralen disponerer eigne lokale og har tilgang til kommunen sine kulturbygg og arenaer for aktivitetar og tilbod. Sentralen driv også eigen utstyrssentral med utlån av aktivitetsutstyr, og ei bruktbu med sal av brukte klede og utstyr.
Arbeidsoppgåver
- Leie og vidareutvikle Øystre Slidre Frivilligsentral
- Rekruttere, motivere og følgje opp tilsette og frivillige
- Samarbeide med lag, foreiningar, næringsliv, kommunen og andre aktørar
- Leggje til rette for nye frivillige initiativ og prosjekt
- Informasjons- og kommunikasjonsarbeid
- Skape møteplassar og aktivitetar som fremjar deltaking, inkludering og fellesskap
- Budsjettoppfølging, rapportering og søknadsarbeid
- Saksførebuing og oppfølging av rådgjevande organ/styre
- Drift og utvikling av Utstyrssentralen og bruktbua
- Hovudansvar for drift og oppdatering av Foreningsportalen
Kvalifikasjonar
Det er ynskjeleg med:
- Relevant utdanning eller erfaring innafor prosjekt- og prosessleiing, administrasjon, frivilligheit og/eller organisasjonsarbeid.
- God digital kompetanse
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
- Er glad i å arbeide med menneske og nettverk
- Er initiativrik, sjølvstendig og strukturert
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Klarer å omsetje idear til praktisk handling
- Har interesse for frivillig arbeid og lokalsamfunnsutvikling
- Er fleksibel og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Ei meiningsfull stilling med stor grad av sjølvstende
- Moglegheit til å påverke utviklinga av frivilligheita i kommunen
- Eit breitt nettverk av frivillige, lag og organisasjonar
- Løn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Noko kvelds- og ettermiddagsarbeid må påreknast.
Kontaktinformasjon
Øystein Skattebu, Tenesteleiar kultur, +47 41222840, oystein.skattebu@oystre-slidre.kommune.noArbeidsstad
Bygdinvegen 19892940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 5179088761
Stillingsprosent: 70%
Fast
Søknadsfrist: 04.10.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6b2abdf9-6ca6-434b-b110-21326bcfa030
- Sist endret
17. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b48cfb63661640a6b0780937e3a2f017