Hopp til innhold

Rekneskapssjef

Arbeidsgiver

Vestre Slidre kommune

Sted

Slidrevegen 16, 2966 Slidre

Om jobben

Stillingstittel
Regnskapssjef
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 8. november

Har du lyst på nye utfordringar? Vestre Slidre kommune søkjer ein fagleg sterk og engasjert rekneskapssjef i 100% fast stilling.

Kommunen har ansvar for dei fleste offentlege tenester til innbyggarar i alle aldrar. Som rekneskapssjef i kommunen har du ei viktig rolle i arbeidet for at fellesskapet sine ressursar blir forvalta på ein trygg, effektiv og framtidsretta måte. Vi ser etter deg som har solid erfaring med rekneskapsarbeid og som kombinerer sterk fagkompetanse med interesse for lagarbeid, utvikling og digitalisering. Som rekneskapssjef får du ansvar for rekneskapsføring og finansiell rapportering i kommunen, og har eit tett samarbeid med tenesteleiarane og løn.


Arbeidsoppgåver

  • Rekneskapsføring og finansiell rapportering for heile kommunen
  • Støtte og rettleie tenesteleiarar i prosessar for budsjett og rekneskap
  • Sikre korrekt og effektiv gjennomføring av månads-, tertials- og årsavslutning
  • Utarbeide årsrekneskap og koordinere revisjonsprosessar
  • Ansvar for skatte- og avgiftsrapportering
  • Videreutvikle og effektivisere rutiner, prosessar og system
  • Systemansvar for økonomisystema. Kommunen brukar Visma Enterprise Pluss som rekneskapsprogram.
  • Bidra med analyser og økonomisk innsikt til leiinga
  • Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga

Kvalifikasjonar

  • Høgare økonomisk utdanning innan rekneskap, revisjon eller økonomi
  • Erfaring kan vege opp for manglande formalkompetanse
  • Ynskjeleg med solid erfaring frå rekneskap og/eller revisjon, helst frå kommunal sektor
  • God kjennskap til eitt eller fleire rekneskapssystem 
  • God kjennskap til norsk rekneskapslovgjevning, skatt og meirverdiavgift
  • Erfaring med årsoppgjer og revisjon
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Strukturert og nøyaktig
  • Lagspelar
  • Gler deg over felles resultat
  • Leitar etter nye løysingar

Vi tilbyr

  • Nøkkelrolle i kommunen si drift
  • Stillinga er plassert i kommunen si avdeling for Administrasjon og Økonomi
  • Gode moglegheiter for fagleg og karrieremessig utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Aud-Karin Hovi, Økonomisjef,  41 45 54 39, aud-karin.hovi@vestre-slidre.kommune.no

Arbeidsstad

Slidrevegen 16
2966 SLIDRE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune

Referansenr.: 5176122862
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.11.2026

Kontaktperson for stillingen

Aud-Karin Hovi

Økonomisjef

41 45 54 39

aud-karin.hovi@vestre-slidre.kommune.no

Om bedriften

Andre opplysningar

 Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.

 

Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.

Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.

Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.no

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

1ce7ad2e-eda6-4f8b-988e-8c5010ec394c

Sist endret

20. oktober 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

3e109887c5084fe784f21fdbd2f1c707

Lignende annonser

Laster lignende annonser