Fast stilling i rus- og psykisk helseteneste
Psykisk helse, Vestre Slidre kommune
Slidrevegen 16, 2966 Slidre
Om jobben
- Stillingstittel
- Stilling i rus- og psykisk helseteneste
- Type ansettelse
- Fast, deltid 80%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 5. november
Ynskjer du ei stilling der du kan gjere ein reell forskjell i kvardagen til menneske i alle aldrar? Då kan dette vere jobben for deg!
I Vestre Slidre kommune blir du ein del av eit fagmiljø der psykisk helse- og rusteneste, helsestasjons- og skulehelseteneste, familierettleiar og kommunepsykolog for Øvre Valdres er samlokaliserte. Psykisk helse- og rusteneste er eit lågterskeltilbod for personar som opplever utfordringar knytte til psykisk helse og/eller rus. Tenesta består av fire tilsette i til saman 3,7 årsverk.
Stillinga er ledig frå 01.07.2027. Dersom det skjer endringar i tenesta, kan stillinga bli ledig på eit tidlegare tidspunkt. Stillinga er delt mellom arbeid som barne- og ungdomslos og klinisk arbeid med vaksne pasientar. Som barne- og ungdomslos vil du ha kontorplass ved Vestre Slidre skule og arbeide tett på elevar, føresette og skulen sitt personale. Den resterande delen av stillinga er knytt til oppfølging av vaksne personar i tenesta.
Hos oss får du varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver, moglegheiter til fagleg utvikling og høve til å vere ein viktig støttespelar for både barn, unge og vaksne i kommunen. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Klinisk arbeid med kartlegging, vurdering og behandling av enkeltpersonar
- Fylle rolla som barne- og ungdomslos med oppfølging av elevar frå 1.-10. trinn
- Støtte og rettleiing til barn, unge og familiar i samarbeid med skule, føresette og aktuelle samarbeidspartnarar
- Oppfølging av vaksne personar med psykiske lidingar og/eller utfordringar knytte til rus
- Veiledning til samarbeidande tenester i kommunen
- Utforme behandlingsplanar, samt ivareta dokumentasjonsplikt
- Tverrfagleg samarbeid med aktuelle samarbeidspartnarar
- Deltaking i ansvarsgrupper, pårørandemøter og nettverksmøter
- Det kan og bli aktuelt med oppfølging av innsette i kriminalomsorga ved fengselet på Slidreøya
Kvalifikasjonar
- 3-årig sosial- eller helsefagleg høgskuleutdanning (t.d. sosionom, vernepleiar eller sjukepleiar) eller annan relevant utdanning (t.d. helsefagarbeidar)
- Vidareutdanning i rus og psykisk helse er ønskeleg, men ikkje eit krav
- Det er ønskjeleg at du har erfaring frå arbeid med barn og unge. Anna relevant erfaring innan psykisk helsearbeid vil òg bli vektlagd.
- Førarkort klasse B
- Personleg egnaheit vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Må trivast med å arbeide sjølvstendig og ta initiativ
- Vera ein god lyttar og vera god på å kommunisere
- Engasjement og interesse for psykisk helsearbeid og rusfelt med både barn, unge og vaksne
- Villig til å bidra til eit positivt og godt arbeidsmiljø
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Gode samarbeidsevner, internt i tenesta og på tvers av faggrupper
- Evne til refleksjon over eigen rolle, tenesta sine oppgåver og tenesteutøving
- Evne til nytenking, utvikling, fleksibilitet og omstilling
Vi tilbyr
- Gode forhold for samarbeid, utvikling og kompetanseutnytting
- Fagmøter og veiledning med kommunepsykolog
- Fleksibel arbeidskvardag med dagarbeid og fleksitid arbeidstid
- Gode pensjonsordningar
- Løns- og arbeidsvilkår ellers etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
Kontaktinformasjon
Melanie Degen, Tenesteleiar Familie, helse og førebygging, 94978343, Melanie.Degen@vestre-slidre.kommune.noArbeidsstad
Slidrevegen 162966 Slidre
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommuneReferansenr.: 5198900174
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 05.11.2026
Kontaktperson for stillingen
Melanie Degen
Tenesteleiar Familie, helse og førebygging
94978343
Om bedriften
Andre opplysningar
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.
Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.
Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.
Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.noSektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ba28ded7-ef53-4bdb-87ce-3751d89f4794
- Sist endret
22. oktober 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d9e08a5fa6c640e9882d8f3741b3ffa0