Fysioterapeut- 80% fast stilling
Øystre Slidre kommune
Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
Om jobben
- Oppstart
- 4. januar 2027
- Stillingstittel
- Fysioterapeut- 80% fast stilling
- Type ansettelse
- Fast, deltid 80%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk senest mandag 30. november
Ønskjer du å bidra med heilskaplege fysioterapeutiske tiltak for barn og unge i Øystre Slidre kommune? Vi søkjer fysioterapeut med hovudfokus på barn og unge.
Øystre Slidre kommune har no ledig ei fast stilling som fysioterapeut i 80 % frå nyttår.
Dette er ei variert og meiningsfull stilling som gir deg moglegheit til å arbeide tett med barn på deira eigne arenaer, ved helsestasjon, i barnehage og skule. Du vil òg få moglegheit til å arbeide med andre aldersgrupper, men oppfølging av barn og unge vil vere hovudfokuset.
Du vil vere ein viktig ressurs i arbeidet med å styrkje helsa og meistringsevna til barn, samstundes som du samarbeider tett med andre kommunale tenester og spesialisthelsetenesta.
Stillinga omfattar òg allmenne fysioterapeutiske arbeidsoppgåver, der du vil bidra inn i den kommunale fysioterapitenesta med vurdering, behandling og oppfølging av brukarar, både individuelt og i grupper.
Det er krav om politiattest før tilsetjing, jf. helsepersonellova § 20 a.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av barn og unge ved helsestasjon, skule og barnehage
- Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar
- Bidra til vidareutvikling av tenestetilbodet
- Fysikalsk behandling og målretta rehabilitering i brukaren sin heim ved behov
- Kurativ behandling av enkeltpersonar og leiing av gruppebasert trening for vaksne og eldre ved Helsetunet
- Vere koordinator for barn med samansette behov
- Samarbeide med ergoterapeut om formidling av hjelpemiddel
Kvalifikasjonar
- Bachelorgrad i fysioterapi
- Norsk autorisasjon som fysioterapeut
- Det er ønskjeleg med etter- og/eller vidareutdanning innan fysioterapi for barn og unge
- Erfaring som instruktør for styrke- og balansegupper er ein fordel
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Førarkort og tilgang til eigen bil
Personlege eigenskapar
- Du er positiv, motivert og engasjert
- Du er løysingsorientert, fleksibel og har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- Du har gode samarbeidsevner og evne til å motivere andre
- Du arbeider strukturert og har god gjennomføringsevne
- Du er ansvarsmedviten, initiativrik og har ei positiv haldning til tverrfagleg samarbeid
- Det er krav om politiattest før tilsetjing, jf. helsepersonellova § 20 a.
Vi tilbyr
- Ei utfordrande stilling i ein kommune i utvikling
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande tariffavtalar
- Eit godt sosialt og sterkt tverrfagleg arbeidsmiljø med faglege utfordringar og gode moglegheiter for personleg utvikling
Kontaktinformasjon
Gina Kvale Myreng, Avdelingsleiar helsetenesta, +47 90525192Arbeidsstad
Bygdinvegen 19892940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 5207598019
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 30.11.2026
Kontaktperson for stillingen
Gina Kvale Myreng
Avdelingsleiar helsetenesta
+47 90525192
Om bedriften
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
bd67cc18-bacd-4a4d-836b-ee555926a49f
- Sist endret
9. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cb2badae7230424088c7818d54784a5a