Helsesjukepleiar
Øystre Slidre kommune
Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsesjukepleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 10. desember
Øystre Slidre kommune har ledig 100 % fast stilling som helsesjukepleiar med tiltreding frå 01.02.27.
Helsestasjonen følgjer opp om lag 30 fødslar årleg, medan skulehelsetenesta omfattar to barneskular og ein ungdomsskule. Jordmortenesta og helsestasjon for ungdom er organisert som interkommunale tenester.
Helsetasjonen tilhøyrer helseavdelinga som består av psykisk helseteneste, legekontor og fysio og rehabilitering. Helsestasjonen skal inn i nye felles lokaler i 2027.
Øystre Slidre kommune er oppteken av tidleg innsats og godt samarbeid på tvers av tenester og fagmiljø rundt barn, unge og familiane deira. Som helsesjukepleiar får du ei sentral rolle i det helsefremjande og førebyggjande arbeidet, der du kombinerer sjølvstendig arbeid med tett samarbeid på tvers av fagområde og tenester.
Hos oss blir du ein del av eit engasjert og inkluderande fagmiljø med korte avstandar mellom tenestene. Vi arbeider målretta for å fremje gode oppvekstvilkår og styrkje den psykiske og fysiske helsa til barn og unge gjennom tidleg innsats, relasjonsbygging og tverrfagleg samarbeid.
Vi bed om at du legg inn attestar og vitnemål i søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Helsefremjande og førebyggjande arbeid i helsestasjon og skulehelseteneste i tråd med nasjonale faglege retningslinjer
- Foreldrerettleiing, undervisning og kursverksemd individuelt og i grupper
- Tverrfagleg samarbeid og koordinering rundt barn og unge
- Bidra til utvikling av tenesta og andre oppgåver etter behov
- Det må reknast med noko ettermiddags- og kveldsarbeid i samband med kurs og møte
Kvalifikasjonar
Krav til utdanning
Autorisert sjukepleiar med vidareutdanning som helsesjukepleiar
Ønskjelege kvalifikasjonar
- Erfaring frå helsestasjon, skulehelseteneste eller anna arbeid med barn, unge og familiar
- Erfaring med foreldrerettleiing, og gjerne kjennskap til rettleiingsprogram som PMTO/TIBIR, COS-P, NBO og ICDP
- Oppdatert fagkunnskap og erfaring frå praksisfeltet
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg, og evne til å kommunisere på engelsk og gjennom tolk
- Gode digitale ferdigheiter
- Førarkort klasse B og tilgang til eigen bil, då stillinga inneber reiseverksemd i kommunen og samarbeid med andre tenester
Personleg eignaheit vil bli tillagd stor vekt ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Engasjement for barn og unge si helse, utvikling og oppvekst
- Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta, samtidig som du samarbeider godt med andre
- Fleksibel, løysingsorientert og open for endringar i arbeidskvardagen
- Gode samarbeidsevner og eit positivt bidrag til eit godt arbeidsmiljø
- Evne til å sjå heilskap og samanheng i arbeidsoppgåver og tenester
- Bidreg til å finne gode løysingar i samarbeid med brukarar, føresette og kolleger
Vi tilbyr
- Eit godt sosialt og sterkt fagleg arbeidsmiljø
- Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med varierte arbeidsoppgåver og moglegheiter for personleg utvikling
- Moglegheit til å påverke og vidareutvikle helsestasjons-, skulehelse- og førebyggjande tenester
- Høg grad av tverrfagleg samarbeid og korte avstandar mellom tenestene
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling, rettleiing og kollegastøtte
- Tilrettelegging for kompetanseheving og vidareutvikling
- Medlem i gode pensjonsordningar (KLP)
Kontaktinformasjon
Gina Kvale Myreng, Avdelingsleiar helsetenesta, +47 90525192Arbeidsstad
Bygdinvegen 19892940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommuneReferansenr.: 5211095899
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.12.2026
Kontaktperson for stillingen
Gina Kvale Myreng
Avdelingsleiar helsetenesta
+47 90525192
Om bedriften
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
07fb3376-787a-4291-901b-cc18fcbf794a
- Sist endret
26. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5d183166c0ab48408987f8c2b061cd74