Fagleiar bad - Hardangerbadet
Hardangerbadet As
Hardangerfjordvegen 615, 5610 Øystese
Om jobben
- Oppstart
- 1. august 2026
- Stillingstittel
- Badebetjent
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Søk på jobben
Søk senest onsdag 17. juni
Alternativt kan du sende søknad via e-post til natalie@hardangerbadet.no
Hardangerbadet søkjer ein engasjert og ansvarsbevisst fagleiar bad til ei nyoppretta nøkkelstilling. Me ser etter deg som vil vere med å sikre trygge, gode og minnerike opplevingar for gjestene våre. Du må trivast i eit aktivt miljø med høgt fokus på tryggleik, kvalitet og samarbeid.
Som fagleiar bad får du ei sentral rolle i den daglege drifta av badeanlegget. Du vil kombinere operativt arbeid i publikumstida med ansvar for opplæring, fagleg oppfølging og utvikling av gode rutinar innan tryggleik og drift. Stillinga skal bidra til å styrkje den faglege kvaliteten i badeavdelinga og vere ei viktig støtte for både medarbeidarar og leiing.
Du vil vere ein synleg og aktiv del av kvardagen i Hardangerbadet, arbeide tett saman med kollegaer og gjester, og bidra til at anlegget held høg standard innan sikkerheit, service og drift.
Stillinga rapporterer til dagleg leiar.
Arbeidsoppgåver Operativ drift-
Badevert- og badevertoppgåver
-
Bidra til god gjesteoppleving gjennom tilstedeværelse, høg fagleg standard og god service
-
Sikre trygg og effektiv drift i publikumstida
-
Delta i turnusarbeid med dag-, kvelds- og helgevakter
-
Vere fagleg støtte for badevertar og instruktørar
-
Planleggje og gjennomføre opplæring av nye medarbeidarar
-
Sikre til at rutinar for tryggleik, beredskap og HMS vert følgde
-
Planleggje og gjennomføre redningsøvingar og beredskapstrening
-
Utarbeide, oppdatere og følgje opp prosedyrar og kvalitetssystem
-
Medverke til etterleving av gjeldande regelverk og kvalitetskrav
-
Bidra til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
-
Vere ein pådrivar for god tryggleikskultur og fagleg utvikling
-
Samarbeide tett med kollegaer og leiing for å vidareutvikle tilbodet ved Hardangerbadet
For oss er personlege eigenskapar vel så viktige som erfaring og formell kompetanse.
Me ser etter deg som:
-
Er trygg, ansvarsfull og påliteleg
-
Har stor interesse for på tryggleik og kvalitet
-
Er positiv, serviceinnstilt og glad i å arbeide med menneske
-
Kommuniserer godt og samarbeider lett med andre
-
Tek initiativ og ser kva som må gjerast
-
Er strukturert, kvalitetsbevisst og løysingsorientert
-
Bidreg til eit godt arbeidsmiljø og motiverer menneska rundt deg
Det er ein fordel om du har erfaring frå servicearbeid, idrett, badeanlegg, undervisning eller liknande, men dette er ikkje eit krav.
Du må:
-
Vere symjedyktig
-
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, gjerne nynorsk
-
Gjennomføre nødvendig opplæring og sertifisering
-
God digital kompetanse
Nødvendig opplæring vil bli gitt.
Me tilbyr-
Ei spennande og variert stilling i eit moderne badeanlegg
-
Moglegheit til å vere med og forme ei ny rolle i organisasjonen
-
Meiningsfulle arbeidsoppgåver med fokus på tryggleik, aktivitet og folkehelse
-
Eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
-
Moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving
-
Løn etter avtale
-
Gode forsikringsordningar
-
Fast stilling i 100 %
-
Turnusarbeid med dag-, kveld- og helgevakter
-
Arbeidsstad: Hardangerbadet, Øystese
-
Tiltreding etter avtale
Hardangerbadet er eit regionalt aktivitetssenter i hjartet av Hardanger. Me tilbyr badeopplevingar, trening, helse- og rehabiliteringstenester for både lokale innbyggjarar og tilreisande. Vår visjon er å skape aktivitet, helse og opplevingar for alle.
Vil du vere med på laget?Stillinga omfattar oppgåver i kjønnsdelte garderobeområde, og mannlege søkjarar vert oppmoda til å søkje.
Arbeidsstad: Øystese, Kvam Herad
Stillingsprosent: 100 %
Søknadsfrist: 17.06.2026
For spørsmål om stillinga, kontakt dagleg leiar ved Hardangerbadet.
E-post: natalie@hardangerbadet.no, telefon: 98895013.
Velkomen som søkjar til Hardangerbadet -- der aktivitet, helse og opplevingar møtest. 🌊🏊♀️
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Om Hardangerbadet
Hardangerbadet er eit moderne aktivitets- og folkehelsesenter i Øystese, midt i hjartet av Hardanger. Anlegget tilbyr badeopplevingar, trening, helse- og rehabiliteringstenester for menneske i alle aldrar. Kvart år tek me imot titusenvis av gjester frå både lokalmiljøet og resten av landet.
Vår visjon er å skape aktivitet, helse og opplevingar for alle. Gjennom trygge rammer, høg kvalitet og engasjerte medarbeidarar ønskjer me å vere ein viktig møteplass for rørsleglede, meistring og fellesskap.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
69a18ab3-4c8d-41d9-a225-9f47537f3099
- Sist endret
2. juni 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
69a18ab3-4c8d-41d9-a225-9f47537f3099