Miljøarbeidarar
Tolomarka omsorg og avlastning
Furuflaten 4, 5600 Norheimsund
Om jobben
- Oppstart
- 1. februar 2027
- Stillingstittel
- Miljøarbeidarar
- Type ansettelse
- Fast, heltid og deltid
- Antall stillinger
- 2
Søk på jobben
Søk senest onsdag 9. desember
Tolomarka omsorg og avlastning har eit avlastningstilbod for barn og unge i alderen 7 til 18 år og bufellesskap for vaksne. Me har no ledige stillingar som miljøarbeidarar. Me søkjer motiverte medarbeidarar med erfaring og kunnskap om personar med utviklingshemming eller autismespekterforstyrringar.
Er du ein engasjert, initiativrik og trygg vaksen? Då kan du vera den me søkjer etter!- 100 % fast stilling som helsefagarbeidar, frå 1. februar 2027
- 80 % fast stilling som helsefagarbeidar, frå 1. februar 2027
I Tolomarka omsorg og avlastning ønskjer me å bidra til at tenestemottakarane kan oppretthalda god livskvalitet, ha gode relasjonar til dei rundt seg og ta del i meiningsfullt arbeid, utdanning og aktivitet. Me hjelper tenestemottakarane i alle aspekt av livet; på
jobb og i heimen, til kvardag og til fest, i gode og i dårlege dagar. Mykje av arbeidet vårt foregår i team, etter prinsippa om målretta miljøarbeid.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av kvar enkelt bebuar sitt behov for hjelp og omsorg
- Ta del i dagleg drift av bufellesskap og avlastning til menneske med utviklingshemming
- Samarbeid med interne og eksterne støtteapparat
- Legemiddelhandtering
- Primærkontaktansvar
- Bidra i målretta miljøarbeid og dokumentasjon
Kvalifikasjonar
Me ønskjer oss medarbeidarar med god fagkompetanse og eit sterkt engasjement
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar, lærlingar som brenn for dette feltet og som får autorisasjon våren 2027 kan også søkja.
- Fordel med relevant arbeidserfaring, spesielt innan autismespekter
- Interesse og ønske om å jobba med personar med utviklingshemming og nedsett funksjonsevne
- Ha god relasjons- og kommunikasjonsferdigheit og tole å stå i utfordrande åtferd
- Du må kunna arbeida sjølvstendig
- Vera ein solid fagperson som bidrar til utviklinga av eit godt arbeids- og fagmiljø
- Førarkort klasse B
- MAP- kurs eller tilsvarande er ei føremon i forhold til å meistra utfordrande åtferd
- God skriftleg framstillingsevne og kommuniserer tydeleg
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.
Personlege eigenskapar
Me ynskjer oss deg som er:
- Robust: Du er hardfør og toler å stå i utfordrande situasjonar
- Lagspelar: Du samarbeidar godt med andre, tek din del av fellesskapet sine oppgåver.
- Lojal mot avgjerder, tar imot og gjev tilbakemeldingar på ein ordentleg måte
- Løysingsorientert og foreslår endringar der du ser behov
- Fleksibel og gjennomfører det me har bestemt, planlagt eller avtalt
- Fagleg oppdatert og følgjer etiske standardar aktivt i arbeidskvardagen og i møte med tenestemottakaren. Du bidreg til å oppretthalda kultur for dette i avdelingane.
Me tilbyr
- Interessante, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Eit godt og inkluderande fagmiljø
- Tverrfagleg samarbeid
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
- Det er gode moglegheiter for ekstravakter dersom ønskjeleg. Turnusen inneheld både langvakter inntil 12,5 timar og dag/kveldsvakter med arbeid 3. kvar helg.
- Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka
- I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
- Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
Kontaktinformasjon
Lars Kristian Skår, Gruppeleiar Tolomarka omsorg og avlastning, +47 970 79 638Arbeidsstad
Furuflaten 45600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kvam heradReferansenr.: 5205945487
Stillingsprosent: 100, 80%
Fast
Startdato: 01.02.2027
Søknadsfrist: 09.12.2026
Kontaktperson for stillingen
Lars Kristian Skår
Gruppeleiar Tolomarka omsorg og avlastning
+47 970 79 638
Om bedriften
Oppdag Kvam - framtida er her!
Med sine 8500 innbyggjarar ligg Kvam vakkert plassert i hjarta av Hardanger og ved Hardangerfjorden, berre ein times køyretur frå Bergen. Her møter du ein natur som inviterer til aktiv fritid både sommar og vinter. Kvam, heimkommunen til nobelprisvinnar Jon Fosse, byr på eit rikt kultur- og organisasjonsliv med festivalar for ein kvar smak.
Naturopplevingar og aktivitetar
Ved fjorden finn du idylliske badestrender midt i sentrum av både Norheimsund og Øystese. For deg med lidenskap for langrenn eller toppturar, tilbyr Sjusete skisenter og fjellområdet Kvamskogen fantastiske skiforhold.
Ein kommune for framtida
Me har eit godt utbygd skuletilbod med to vidaregåande skular. Kvam vidaregåande skule og kulturhus opna i januar 2026 og ligg i Norheimsund sentrum. Skulen har fagtilbod innan yrkesfag og studiespesialiserande linjer. I samme bygg finn du vaksenopplæringa, Kvam kino, folkebibliotek og skulebibliotek.
Eit variert næringsliv
Næringslivet i Kvam er mangfaldig og inkluderer m.a. handel- og reiselivsnæring, lokal matproduksjon, jordbruk og industri. Dette gir mange moglegheiter for både jobb og fritid.
Opplev det beste av natur, kultur og samfunn i Kvam - i hjarta av Hardanger! Les meir
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e452d69f-4070-4d40-94c0-71e9d6b6af43
- Sist endret
23. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4e6e853f60c54e68945a5116a1d0c5c0