Hopp til innhold

100% stilling som helsefagarbeidar ved Omsorgstenesten vest, Utneheimen

Arbeidsgiver

Ullensvang kommune Omsorgstenesten vest, Utne

Sted

Fjrodavegen 4199, 5778 Utne

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 2. desember

Fast 100 % stilling  som helsefagarbeidar

Arbeidsstad: Omsorgstenesta vest

 

Pleie og omsorg vest er stasjonert på Utne og er ei samordna teneste. Det vil seie at me driftar både sjukeheim, dagtilbod, kjøkken og heimetenester.  

Sjukeheimen består av 24 plassar, der 6 av dei er tilrettelagt  for personar med demenssjukdom, og 2 er kortidsplassar.  På kjøkkenet lager me mat til pasientane på sjukeheimen og til nokre pasientar som bur i heimen. I heimetenesta yter me tenester til om lag 75 pasientar. 

I Omsorgstenesta vest har me eit fleirkulturelt miljø, og personalet hjå oss kan få arbeidsoppgåver både på institusjonen og i heimetenesta. Så me har ein innhaldsrik og spennande arbeidskvardag.

Dersom dette høyres interessant ut, håper me at du søkjer . Ta gjerne kontakt for ein uforpliktende prat.

God opplæring vert gitt . 

 

Stillinga er ledig frå dags dato.

 

Arbeidsoppgåver:
  • Legemiddelhandtering

  • MIljøarbeid 

  • Utføra helse - og omsorgsoppgåver etter fagleg standard og rettleia anna personale i faglege og etiske spørsmål . 

  • Følgje opp eininga sine målsetjingar og yta tenester av god kvalitet innafor tildelte ressursrammer i samsvar med tenestemottakar sine vedtak

  • Samarbeide og dela kompetanse på tvers av avdelingane 

  • Halde seg fagleg oppdatert 

  • Gjere seg kjent med og nytta kommunen sitt journalsystem Aidn.

  • Sørgje for presis og utfyllande dokumentasjon

  • Kjenne til og og bruka eininga sine prosedyrar og rutinar

 

Kvalifikasjonskrav:
  • Autorisasjon som helsefagarbeidar. Helsepersonell under utdanning kan verte vurdert. 

  • Gode digitale ferdigheiter

 

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner

  • Positiv og godt humør

  • Engasjert 

  • Endringsdyktig

  • Fleksibel

  • Punktlig og strukturert 

 

Me tilbyr:

  • Varierte arbeidsoppgåver

  • Spennande arbeid 

  • Lønn etter hovudtariffavtalen

  • Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen

  • Årsturnus, med mulighet for langvakter.

  • Fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår

  • Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.



Krav:

  • Politiattest jfr gjeldande lov

  • Førarkort klasse B er ynskjeleg. 

 

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.


Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Kari Skare Storhei

+47 90999842

kari.storhei@ullensvang.kommune.no

Om bedriften

- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6b0759d1-e9b4-4980-a2ee-6e8ff43b70f6

Sist endret

19. november 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3679541_191021_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser