Miljørettleiar/fagarbeidar
Voss herad Palmafossen skule
Tjukkabygdvegen 29, 5705 Voss
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljørettleiar/fagarbeidar Palmafossen skule
- Type ansettelse
- Fast, heltid og deltid
- Antall stillinger
- 2
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest fredag 5. juni
Voss herad søjer miljørettleiar/fagarbeidar med eit stort hjarte for barn og unge. Me legg vekt på at elevane skal møte engasjerte, kompetente og trygge vaksne som kan gje elevane i Voss herad ein god ballast for vegen vidare, og me ser etter deg som ynskjer å arbeida aktivt med å skape livsmestring og medborgarskap i vossaskulen.
Om arbeidsstaden
Palmafossen skule er ein barneskule som ligg omlag 3 kilometer aust for sentrum. Me har rundt 175 elevar og 30 tilsette. Skulen ligg like ved idrettsanlegget til IL Viljar og turløypene i Bømoen, som me nyttar i skulekvardagen. Me har også eigen gapahuk og er i gang med opparbeide skulehage - som skal gi elevane ein meir aktiv og praktisk undervisning. Vossaskulen arbeider kontinuerleg med kvalitetsutvikling for å skape gode tenester for elevane våre. Satsingsområda våre er læringsleiing, skulenærvær og dysleksi. Palmafossen skule har frå 1.august 2026 ledig 2 faste stillingar som miljørettleiar/fagarbeidar i skule og sfo, på henholdsvis 100% og 70%. Stillingane fyl kalenderåret - med utvida sfo.
Me tilbyr:
- gode vilkår for fagleg utvikling
- ein god arbeidsplass med dyktige kollegaer
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Kvalifikasjonar:
- fagarbeidar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller miljørettleiar med utdanning innan teiknspråk, sosialt arbeid, vernepleie, pedagogikk eller anna relevant høgskuleutdanning.
- anna relevant utdanning/arbeidserfaring kan bli vurdert
- gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
Me ynskjer deg som:
- har eit stort engasjement for elevar med særskilde behov
- tek ansvar, er strukturert og kan handtere ein hektisk arbeidkvardag
- kommuniserer godt og er i stand til å etablere gode relasjonar med elevar, føresette og kollegaer
- bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
- er nysgjerrig på å læra og likar å vera i utvikling
- ser verdien av å arbeida saman som eit lag med eit kollektivt ansvar for elevane si læring
Arbeidsoppgåver:
Stillingane inneber gjennomføring av undervisning planlagt av spesialpedago for elever med særskilte behov, eller hjelp og støtte i ordinær klasse. Dei tilsette ved skulen legg til rette for læring, kvardagslivstrening, og auka sjølvhjelpsferdigheiter hjå elevane, og gjev naudsynt stell og omsorg. På SFO planlegg miljørettleiarane og fagarbeidarane våre aktivitetar som fremjar leik og sosiale ferdigheiter. Bruk av dagsplanar og kommunikasjon ved hjelp av ulike kommunikasjonshjelpemiddel er sentrale både i undervisningstida og på SFO. Me samarbeider tett kring den einskilde eleven. Søkjaren må kunne arbeide med alle elevar og grupper med dei gleder og utfordringar det fører med seg. Søkjaren må rekna med arbeidstid mellom kl.07.30 og 16.15. Stillinga fyl kalenderår, med arbeidstid også utvida sfo.
Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing. Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partner som gjer det same, finn du mange spennande stillingar i Voss herad her: Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar.
I fylgje offentlighetsloven § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver venleg og last opp vitnemål og attestar til søknaden
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
696d0b1c-f571-4887-a4ab-108aa72e9fdb
- Sist endret
21. mai 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3629975_212967_nn