Hopp til innhold

Sjukepleiar/vernepleiar

Arbeidsgiver

Alderspsykiatri Sunnmøre, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 18. mars

Vil DU bli vår nye kollega ved Alderspsykiatri Sunnmøre?

Vi har ledig 100% sjukevikariat for sjukepleiar/vernepleiar med eventuelt vidareutdanning i psykiatri eller geriatri. Oppstart frå snarast. 

Alderspsykiatri Sunnmøre er samlokalisert med øvrig sjukehuspsykiatri. Avdeling for sjukehuspykiatri består av:
Psykose sengepost Sunnmøre
Akutt psykisk helse Sunnmøre
Alderpsykiatri Sunnmøre
Allmennpsykiatri Sunnmøre
Sikkerhetspsykiatri Sunnmøre
Spesialisert habilitering 

Alderspsykiatri Sunnmøre består av ein poliklinikk og ein døgnpost med 6 sengar. Arbeidsstad vil vere ved døgnpost.
Seksjonen er tverrfagleg samansett av legespesialistar, lege i spesialisering, spes-ergoterapeut, geriatrisk og psykiatrisk sjukepleiar, vernepleiar, hjelpepleiar, helsefagarbeidar og merkantile ressursar. Døgnposten har fokus på utredning og behandling. Poliklinikken tek imot pasientar i eigne lokaler eller ved besøk heime eller på institusjon. 
Målgruppa er personar over 65 år med nyoppstått psykisk liding bl.a depresjon, angst, psykose og eller ulike demenstilstander med nevropsykiatriske symptom (NPS).

Vi har godt samarbeid internt i seksjonen mellom døgnpost og poliklinikk samt andre instansar i spesialisthelsetenesta og kommunehelsetenesta. 

Arbeidsoppgåver

  • Arbeide lojalt etter oppsette behandlingsmål og tiltak for pasientgruppa
  • Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutinar og prosedyrar
  • Fylje seksjonen sine kompetansehevingstiltak, delta aktivt i seksjonen si utvikling
  • Ansvarsvakt med dei oppgåver og ansvar det inneber
  • Dokumentasjon
  • Medikamenthandtering
  • Pasientnært arbeid
  • Delta i obligatorisk opplæring og trening i MAP (Møte med aggresjonsproblematikk) for trygg handtering av utfordrande situasjonar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Ønskeleg med vidareutdanning innan psykiatri eller geriatri
  • Meistre norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du har evne til å arbeide i tverrfaglege team
  • Du har gode kommunikasjons – og samarbeidsevner
  • Du kan arbeide sjølvstendig
  • Du tek initiativ
  • Du har god digital kompetanse - med kjennskap til Helseplattformen
  • Du er fleksibel og løysingsorientert
  • Du medverkar til eit godt psykososialt arbeidsmiljø
  • Du er omstillingsdyktig
  • Du har stor arbeidskapasitet - fysisk og psykisk egna til stillinga
  • Du er ein relasjonsbyggar
  • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast opp som vedlegg til søknad/CV.

Byen vår! Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan óg oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Pamela Riise Loe, Seksjonsleiar, Pamela.Riise.Loe@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5068873023
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 18.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Pamela Riise Loe

Seksjonsleiar

Pamela.Riise.Loe@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

692c75d2-6a6d-4d4c-9e5a-80f3f92422b5

Sist endret

5. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

befbd14d035641ff82c20d6b7cdfa2d9

Lignende annonser

Arbeidsgiver

DIALYSE VOLDA OG ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Ålesund