Hopp til innhold

Teknisk byggeleiar / byggeleiar vegprosjekt – Utbygging Vest

Arbeidsgiver

Infrastruktur og veg, Vestland fylkeskommune

Sted

Galteråsen 7c, 5916 Isdalstø

Om jobben

Stillingstittel
Teknisk byggeleiar / byggeleiar vegprosjekt – Utbygging Vest
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 9. august

Teknisk byggeleiar / byggeleiar vegprosjekt – Vegbygging Vest
Vil du vere med og utvikle framtidas fylkesvegar i Nordhordland?
Vestland fylkeskommune har ansvar for eit omfattande fylkesvegnett som knyter regionen saman og gir trygg og føreseieleg ferdsel for innbyggjarar og næringsliv.
Infrastruktur og veg  (INV) har ansvar for planlegging og bygging av fylkesvegar, gang- og sykkelvegar, tunnelar og bruer i Vestland. Byggherremiljøet er delt i fire geografiske einingar: Vegbygging Nord, Vegbygging Sør, Vegbygging Bergensområdet og Vegbygging Vest.
 
Til eininga Vegbygging Vest søkjer vi no etter ein teknisk byggeleiar til prosjekt i Nordhordland. I rolla vil du arbeide med utbygging av fylkesvegar, gang- og sykkelvegar og andre samferdselsprosjekt i Nordhordland. Prosjekta varierer frå mindre trafikksikringstiltak til større veg- og anleggsprosjekt.

Arbeidsoppgåver

Som teknisk byggeleiar vil du ha ei sentral rolle i oppfølging og gjennomføring av utbyggingsprosjekt.
Dine viktigaste oppgåver vil vere:

  • Utarbeide planar for kvalitetsoppfølging
  • Følgje opp kvalitet på anlegga våre
  • Ha tett dialog med entreprenør, både munnleg og skriftleg
  • Bistå i planleggingsfasen og bidra i utarbeiding av konkurransegrunnlag for nye kontraktar
  • Gjennomføre prosjekt sjølvstendig og følgje opp entreprenør i byggefasen
  • Følgje opp og rapportere på økonomi, HMS, framdrift og kvalitet i prosjekta
  • Sikre god dialog med eksterne samarbeidspartnarar og naboar i prosjekta

Du vil jobbe tett saman med byggeleiarar, kontrollingeniørar og interne prosjektressursar. Me nyttar modellbasert prosjektering i gjennomføringa av dei fleste prosjekta.

Kvalifikasjonar

Krav

  • Relevant høgskuleutdanning (eller solid relevant erfaring)
  • Erfaring frå anleggs- eller samferdselsprosjekt.
  • Førarkort klasse B

 

Ønskeleg erfaring

  • Erfaring med Statens vegvesen sin prosesskode
  • Erfaring med ulike entrepriseformer
  • Erfaring med prosjektstyring
  • God kompetanse i bruk av relevante IKT-verktøy
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.

 

Har du erfaring frå entreprenør, rådgjevar eller byggherre oppmodar vi deg til å søkje.
Vi oppmodar også nyare kandidatar med relevant erfaring til å søkje.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein teknisk byggeleiar som er engasjert, strukturert og resultatorientert med god gjennomføringskraft. Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og trivst med å arbeide både internt i organisasjonen og i dialog med eksterne aktørar.
Du bidreg fagleg og sosialt til eit godt arbeidsmiljø.

Vi tilbyr

Våre verdiar – kompetent, open og modig – og visjonen vår, nyskapande og berekraftig, skal vere ei rettesnor for alt vi gjer.

Hos oss får du ein variert arbeidskvardag med meiningsfulle oppgåver og gode moglegheiter for fagleg utvikling i eit sterkt tverrfagleg miljø. Arbeidsmiljøet vårt er uformelt, og vi er opptekne av å støtte kvarandre og utvikle kompetansen i fellesskap.

Vi tilbyr også gode pensjons- og forsikringsordningar.

Kontaktinformasjon

Andreas Knarvik Kolås, Seksjonsleiar, 92255979, andreas.knarvik.kolas@vlfk.no

Arbeidsstad

Galteråsen 7c
5916 Isdalstø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5149891786
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.08.2026

Kontaktperson for stillingen

Andreas Knarvik Kolås

Seksjonsleiar

92255979

andreas.knarvik.kolas@vlfk.no

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

68854781-4dc7-4538-9ecf-e75b50383b3b

Sist endret

24. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

a80d84c750c6400582d0dd82b2efa863

Lignende annonser

Laster lignende annonser