Prosjektleiar tunnel - Bybanen Utbygging
EIU- Forvaltning, Vestland fylkeskommune
Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Prosjektleiar tunnel - Bybanen Utbygging
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest fredag 14. august
Arbeidsoppgåver
Dette er ei nøkkelrolle i arbeidet med å leie og førebu bygging av dei komande tunnelentreprisane i prosjektet. Som prosjektleiar får du ei sentral rolle i å drive fram entreprisar frå prosjektering til ferdigstilling. Du får ansvar for å leie arbeidet frå innkjøpsfase til ferdigstilling av entreprisar og overlevering til eigar. Du vil være en bidragsytar inn i strategiarbeidet for byggetrinn 5 og ha ei sentral rolle i prosjektleiinga til seksjonen.Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som har lang erfaring frå samferdselsprosjekt, og som forstår kva som skal til for å få komplekse prosjekt trygt frå plan til ferdigstilling. Vi ønskjer at du har:
- Relevant utdanning på bachelor- eller masternivå, som ingeniør eller sivilingeniør innan anleggstekniske fag
- Erfaring som prosjektleiar, byggjeleiar, anleggsleiar eller tilsvarande
- God forståing for anleggsgjennomføring
- Erfaring med handtering av kontraktar, entreprisar og oppfølging av eksterne leverandørar
- God innsikt i HMS-, framdrifts-, økonomi-, kvalitets- og risikostyring.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
- Relevant erfaring frå tunnelbygging, underjordiske anlegg, større samferdselsprosjekt eller liknande kan kompensere for delar av utdanningskravet.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Har gode samarbeidsevne og like å jobba i eit innovativt miljø
- Kan kommunisera munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
- Arbeider strukturert og tek ansvar for framdrift og kvalitet
- Kommuniserer tydeleg, tek initiativ og bidreg til eit godt samarbeid
- Evnar å sjå både heilskap og detaljar, og motiverast av å utvikla gode løysingar saman med andre
- Kjenner deg igjen i verdiane våre som er open, kompetent og modig
Vi tilbyr
Du får ein sentral rolle i eit av dei mest spennande samferdselsprosjekta i Bergen, på Vestlandet og Norge. Bidraget ditt er med å utvikle Bergen, samtidig som du blir del av eit sterkt prosjektmiljø i Vestland fylkeskommune. Vi tilbyr mellom anna:
- Ei leiande nøkkelrolle i prosjektet
- Store faglege utfordringar og reell påverknad
- Eit kompetent og engasjert prosjektmiljø
- Moderne kontorlokale med eige treningsrom og sykkelgarasje med garderobar
- Fleksibel arbeidstid og moglegheit for heimekontor[SK1]
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ordningar for fagleg utvikling og kompetansebygging
- Deltaking på fagmesser og i bransjesamarbeid
Kontaktinformasjon
Arve Tjønn Rinde, prosjektdirektør, +47 93031874Arbeidsstad
Lars Hilles gate 225008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5148799784
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 14.08.2026
Kontaktperson for stillingen
Arve Tjønn Rinde
prosjektdirektør
+47 93031874
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fc6b829d-10d1-4d94-af1f-6d3d52a00a1f
- Sist endret
3. juli 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
5b544ef20a46419280a967feec47767a