Vegteknolog
Infrastruktur og veg, Vestland fylkeskommune
Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Vegteknolog
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 30. august
Med våre over 6 000 tilsette er Vestland fylkeskommune ein av dei største arbeidsstadane i fylket. Vi har ansvaret for 5 547 km med fylkesveg, 278 tunnelar, 1 988 bruer, 30 ferjesamband.
Avdelinga vår, Infrastruktur og veg, skal sikre ein framtidsretta infrastruktur. Målet er å betre samband internt i regionen og sørge for gode kommunikasjonar mot resten av landet.
Vi er ein av landets største byggherrar innan samferdsle, og vi har mange spanande investerings- og vedlikehaldsprosjekt i åra som kjem.
For å styrke vårt vegteknologiske fagmiljø på geo- og skredseksjonen, søkjer vi no etter ein dyktig vegteknolog. Du vil bli ein sentral person når vi skal realisere nye samferdsleprosjekt og utføre viktige drift- og vedlikehaldsoppgåver på våre fylkesvegar.
Geo og skredseksonen består i dag av eit kompetent fagmiljø innan geoteknikk, ingeniørgeologi, skred og vegteknologi. Vi er i dag fire geoteknikarar, seks ingeniørgeologar, ein vegteknolog og ein DAK-operatør som er fordelt på våre kontorstadar i Leikanger, Voss og Bergen.
For denne stillinga vil kontorstaden vere Bergen. For kvalifiserte søkarar kan Leikanger og Voss kan vere aktuelle kontorstader.
Arbeidsoppgåver
Som vegteknolog på geo- og skredseksjonen får du stort ansvar, utfordrande oppgåver og mykje friheit i arbeidsdagen. Me er opptekne av at du har ein fin balanse mellom jobb og fritid. Du vil bli del av eit stort og veletablert fagmiljø innan samferdsle som består av om lag 380 medarbeidarar innan fleire fagområde, og du vil jobbe med geotekniske prosjektoppdrag både innan planprosjekt, investering, vedlikehald og drift. Noko reising må du rekne med.
Typiske arbeidsoppgåver vil vere:
- Fagleg rådgjeving og prosjektering av vegoverbygning i alle planfasar.
- Vurdere materialkvalitet til fjell/lausmasser i linja.
- Gjennomføre forsterkningsplanlegging og bistå med oppfølging/kvalitetskontroll under bygging.
- Vurdere tilstand på eksisterande veg basert på lokalkunnskap og befaringar.
- Ha ei sentral rolle i det pågåande forsterkningsprogrammet: utarbeide forsterkningsplan med forsterkningsmetode basert på undersøkingar, visuelle vurderingar og kjent kunnskap.
Arbeidsmiljøundersøkingar syner at vi har eit veldig godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente medarbeidarar som trivst saman på jobb og utfordrar kvarandre fagleg. Vi har eit sterkt fagmiljø som er gode på kunnskapsdeling og inkludering, og det ligg godt til rette for både fagleg og personleg utvikling.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå innan vegteknologiske fag frå universitet eller høgskule.
- Relevant erfaring og gode resultat frå arbeidsområdet. Det er ønskjeleg med minst 3-4 års erfaring som vegteknolog , men vi oppfordrar også nyutdanna til å søkje.
- Du kjenner godt til og kan bruke digitale verktøy.
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
- Førarkort klasse B.
Personlege eigenskapar
Som medarbeidar på geo- og skredseksjonen forventar vi at du har gode samarbeidsevner og kan utføre arbeidsoppgåvene dine på ein sjølvstendig og systematisk måte. Du har stå-på-vilje og er god på å dele kunnskap med kollegaane dine. Vi ønskjer at du er initiativrik og modig, engasjert og resultatorientert, og vil bidra til eit godt arbeidsmiljø.Vi tilbyr
- Utfordrande stilling i eit sterkt fagmiljø med høg profesjonalitet
- Faglege nettverk og moglegheit for vidareutdanning
- Variert arbeidsdag og meiningsfulle oppgåver
- Tillitsbasert leiing der du raskt vil få ansvar
- Fleksibel arbeidstid
- Attraktive pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale
- Heimekontor etter avtale
- Moderne kontorfasilitetar på alle kontorstader
Har du spørsmål til stillinga eller ønskjer meir informasjon, er du velkomen til å kontakte seksjonsleiar på geo- og skredseksjonen Stein Olav Njøs: 951 91 855.
Kontaktinformasjon
Stein Olav Njøs, leiar, 95191855Arbeidsstad
Lars Hilles gate 225008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5153997039
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.08.2026
Kontaktperson for stillingen
Stein Olav Njøs
leiar
95191855
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f83adcf3-0074-4119-b187-0b89e86f672c
- Sist endret
20. juli 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
987ed6ca0e5d469ab7d5e217982e8976