Leiar teknologi
Skyss
Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Leiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 22. oktober
Vil du vere med og forme digitale løysingar bak dei gode kvardagsreisene? Skyss har eit viktig samfunnsoppdrag og er ein synleg del av kvardagen i Vestland. Vi treng ein leiar som ser korleis teknologi kan gjere det enklare å reise kollektivt og bidra til den digitale utviklinga i Skyss. Dette er eit viktig grunnlag for nøgde kundar og vidare passasjervekst.
Vi treng ein leiar for avdeling teknologi. Her skal du samle behova i Skyss, skape tydelege prioriteringar og sørgje for at teknologiske val gir nytte for organisasjonen og kundane. Du skal synleggjere moglegheiter og gi organisasjonen eit godt grunnlag for avgjerder. Saman med fagmiljøa skal du utvikle arbeidsprosessar og bidra til at nye digitale løysingar blir tekne i bruk på ein god måte.
Arbeidsoppgåver
Skyss er del av eit bransjesamarbeid for digital tenesteutvikling. Som leiar for teknologi vil du få ei sentral rolle med å utvikle dette samarbeidet for Skyss. Dataforvaltning og analyse, IT-arkitektur og personvern er også del av ansvarsområdet ditt. Avdelinga skal sikre at system og data heng saman og støttar behova våre, både i dag og framover.
I denne rolla vil du ha tett samarbeid med fagmiljø, leverandørar og andre aktørar i kollektivbransjen. Du skal samle og representere Skyss sine digitale utviklingsbehov i bransjesamarbeid om digital tenesteutvikling. Du er ein del av direktøren si leiargruppe og har personalansvar for medarbeidarane i avdelinga.
Kvalifikasjonar (overskrift)
Vi ser etter deg med relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå. Lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet. For å trivast og meistre rolla treng du erfaring med prosess- og prosjektleiing, og kunne sjå korleis digital innsikt og utvikling kan brukast strategisk for å styrkje verksemda. Du evnar å gjere det komplekse forståeleg, og formidlar moglegheiter og konsekvensar på ein måte som legg grunnlag for gode avgjerder. Har du også leiarerfaring eller erfaring med endringsleiing, gjerne frå offentleg sektor, er det ein fordel.
Du har god prosessforståing og teknisk innsikt og er nysgjerrig på nye moglegheiter. Du ser heilskapen, prioriterer mellom ulike behov og formidlar moglegheiter, konsekvensar og vegval på ein forståeleg måte. Som leiar skaper du tillit og gir dyktige medarbeidarar tydeleg retning og handlingsrom. Hos Skyss får du arbeide med engasjerte fagmiljø og påverke korleis teknologi bidreg til gode og berekraftige reiser i heile fylket.
Andre opplysningar:
- Administrasjonsspråket i Vestland fylkeskommune er nynorsk
- Alle nye tilsettingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Vi gjer merksam på at ifølgje offentleglova § 25,2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkarar som har bedt om unntak, vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort
Dersom du har spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med Matae ved Merethe Mæland tlf.908 72 622, Julian Smørdal tlf. 932 29 249 eller direktør i Skyss Målfrid Vik Sønstabø på tlf. 916 53 176. All kontakt med Matae blir handsama konfidensielt og for vår oppdragsgjevar om dette er ønskeleg i innleiande fase av prosessen.
Kontaktinformasjon
Målfrid Vik Sønstabø, direktør, 91653176Matae v/Julian Smørdal, 932 29 249
Matae v/Merethe Mæland, 908 72 622
Arbeidsstad
Lars Hilles gate 225008 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5190325917
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.10.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Matae v/Merethe Mæland
908 72 622
Matae v/Julian Smørdal
932 29 249
Målfrid Vik Sønstabø
direktør
91653176
Om bedriften
Om Skyss
Skyss har ansvaret for det offentlege tilbodet med buss, bybane, båt og ferje i Vestland fylke.
Vi er eit kompetanseorgan for mobilitet og kollektivtrafikk i fylket, og skal sikre at vi når dei politiske måla som fylkestinget set for kollektiv- og mobilitetstenester. Skyss sitt mål er å gjere det mogleg for kvar enkelt å reise berekraftig frå der du er til dit du skal.
Skyss skal bidra til å nå klimamåla i Parisavtalen. Vi skal gjennom ein forretningsmessig og digital transformasjon, slik at vi kan sikre samanheng i mobilitetstenester på nye måtar til det beste for innbyggarane i Vestland. For å få dette til, må vi styrke laget med nøkkelpersonar som har interesse for mobilitet og som ønsker å bygge bru mellom dagens løysingar og eit mobilitetstilbod for framtida. Skyss er ei eining i Vestland fylkeskommune, har om lag 100 tilsette og eit budsjett på vel 6 milliardar kroner.
Les meir om Skyss her: Jobb og karriere i Skyss
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
0be17192-e059-4c92-bca4-186cec7377b9
- Sist endret
8. oktober 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f66c4895ae924af4bb6de95e1ca7a954