Hopp til innhold

Fagansvarleg FDV og teknisk dokumentasjon

Arbeidsgiver

EIU - System og utvikling, Vestland fylkeskommune

Sted

Lars Hilles gate 22, 5008 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Fagansvarlig teknisk byggdokumentasjon (FDV)
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 16. august

Vil du vere med å forme framtida for digital byggdokumentasjon i Vestland fylkeskommune?

Vestland fylkeskommune forvaltar eit stort og variert eigedomsportefølje. For at bygga våre skal driftast effektivt, berekraftig og i samsvar med krav og standardar, er vi avhengige av god teknisk dokumentasjon.
No søkjer vi ein fagansvarleg for teknisk byggdokumentasjon (FDV) som vil få ei sentral rolle i å utvikle og forvalte korleis vi samlar inn, strukturerer og nyttar teknisk informasjon gjennom heile bygget sitt livsløp. Dette er ei stilling for deg som trivst i skjæringspunktet mellom teknologi, system, informasjonsforvaltning og samarbeid med fagmiljø innan bygg, drift og eigedomsforvaltning.
Du vil få stor påverknad på korleis vi utviklar framtidige arbeidsprosessar, digitale løysingar og standardar for FDV i ein av dei største offentlege eigedomsorganisasjonane på Vestlandet.

Kvifor velje oss?
Hos oss får du meir enn ein tradisjonell fagansvarleg-stilling.
Du blir ein nøkkelperson i arbeidet med å vidareutvikle digitale arbeidsprosessar og sikre kvaliteten på informasjon som er avgjerande for drift og forvaltning av fylkeskommunen sine bygg.

Du får:
✅ stor fagleg påverknad og eigarskap til ditt fagområde
✅ moglegheit til å forme framtidige standardar, prosessar og digitale løysingar
✅ eit sterkt tverrfagleg miljø med høg kompetanse innan eigedomsdrift, prosjektgjennomføring, BIM, digitalisering og innovasjon
✅ deltaking i spennande bygge- og rehabiliteringsprosjekt

Om oss
Eigedom og utbygging (EIU) utøver fylkeskommunen si eigarrolle og er ansvarleg for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av omlag 800.000 kvm fylkeskommunale eigedomar og tilhøyrande eigedomstenester. Avdelinga har også ansvar for utbygging av Bybanen.
Seksjon for system og utvikling arbeider med digitalisering og forbetring av arbeidsprosessar og tenester i EIU. Vi har ei sentral rolle i avdelinga si satsing på digitalisering, innovasjon og bruk av ny teknologi innan eigedomsdrift og -forvaltning, og har ansvar og driftsoppgåver innan FDV, BIM, digitalisering, prosjektstyring, HMS, kvalitet og opplæring.


Arbeidsoppgåver

  • vere fagansvarleg og rådgjevar innan FDV og teknisk byggdokumentasjon
  • sikre at avdelinga har gode rutinar og system for innsamling og forvaltning av FDV-dokumentasjon
  • forvalte og vidareutvikle dokumentasjonsarkiv og system for FDV-innsamling
  • utvikle krav og standardar for teknisk dokumentasjon i bygge- og rehabiliteringsprosjekt
  • sikre etterleving av relevante myndigheitskrav og standardar
  • bidra til gode overgangar frå bygging til drift
  • gje opplæring og rettleiing til entreprenørar, prosjektleiarar og brukarar
  • bidra til utvikling av digitale arbeidsprosessar og løysingar innan teknisk dokumentasjon
  • følgje opp rammeavtalar innan fagområdet
  • rådgjevar for FDV-leveransen i bybaneprosjektet

Kven ser vi etter?

Du har teknisk utdanning på minimum bachelornivå, og trur du har bakgrunn innan eitt eller fleire av desse områda:

  • ingeniørfag
  • bygg og eigedomsforvaltning
  • dokumentstyring
  • informasjonsforvaltning
  • arkiv- og kunnskapsforvaltning

Du har gjerne erfaring frå bygg-, eigedoms- eller industrirelaterte prosjekt, men vi oppmodar også kandidatar frå andre relevante fagmiljø til å søkje.

Vi ser særlig etter deg som:
  • har god forståing for byggdokumentasjon og digitale system
  • har god kjennskap til standarder og myndighetskrav innan fagområdet
  • har erfaring  god forståing for strukturering og forvaltning av informasjon
  • er systematisk og kvalitetsbevisst
  • har god system- og prosessforståelse
  • kan leie andre og evne til å stå i kravstillarrollen

Personlege eigenskapar

Du er ein som:
  • kjenner deg igjen i verdiane våre: open - kompetent - modig
  • er sjølvstendig, tek ansvar, får ting gjort og følgjer opp
  • er systematisk og kvalitetsbevisst
  • trivst med å samarbeide med ulike fagmiljø
  • er nysgjerrig på ny teknologi, tar initiativ til forbetring og nye måter å jobbe på
  • trivst med fleire prosjekt samstundes – utan å miste oversikta
  • kommuniserer godt og skaper tillit
  • har høg etisk standard

Hos oss får du:

  • Spanande og varierte oppgåver i eit tverrfagleg miljø
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med høg kompetanse og godt humør
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid og moglegheit for heimekontor

Er du nysgjerrig på stillinga?
Vi veit at ingen kandidatar kan oppfylle alle ønske i ei utlysing. Dersom du kjenner deg att i delar av profilen og synest oppgåvene verkar spennande, oppmodar vi deg til å søkje eller ta kontakt for ein uforpliktande prat.
Hos oss får du moglegheit til å påverke korleis teknisk informasjon blir forvalta i framtidas fylkeskommunale bygg – til nytte for både brukarar, driftspersonell og samfunnet som heilskap.

Kontaktinformasjon

Christina Jenny Brautaset, seksjonsleiar, +47 41326604, christina.jenny.brautaset@vlfk.no

Arbeidsstad

Lars Hilles gate 22
5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5156051386
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026

Kontaktperson for stillingen

Christina Jenny Brautaset

seksjonsleiar

+47 41326604

christina.jenny.brautaset@vlfk.no

Om bedriften

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

e086f859-fdd9-40f2-aad1-f1165e4789e1

Sist endret

15. juli 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

7e737da3c8e14de4a81ca486d7e8555b

Lignende annonser

Laster lignende annonser