Hopp til innhold

Likar du service yrker?

Arbeidsgiver

Vindafjord kommune Ølen omsorgssenter

Sted

Rådhusplassen 30, 5580 Ølen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Konsulent
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Me søker ein konsulent i 80% fast stilling.

Hos oss får du ein variert og viktig arbeidskvardag der du bidrar til at drifta går smidig og effektivt. Du er i tett samarbeid med avdelingsleiar og er ein viktig del av teamet vårt, med oppgaver innan administrasjon, fakturering/kontering og praktisk tilrettelegging. 

Kva får du jobba med hos oss?

  • Du er høgre hand til avdelingsleiar når det kjem til dekking av vakter, framoverplanlegging i turnus mm
  • Du er med på å sikra at alle opplysningar er klare før lønnskøyring, slik at alle tilsette får rett lønn.
  • Du har ulike oppgåver kring tilsettingar:
    • Bestille og administrere tilgangongar
    • Utarbeide og tilpasse arbeidsavtaler for nye ansettelsar og endringar i eksisterande avtalar.
    • Turnus i samarbeid med leiar
  • Du handterar innkjøp i samarbeid med avdelingane eller leierar slik at drift har det dei treng i kvardagen.
  • Du handterar fakturaer (med opplæring)
  • Du er vårt postbud på huset :) 
  • Du får vera Ølen omsorgssenter første fjes då du har skrankefunksjon. Her føl du opp spørsmål og oppgåver som kjem inn via sentralbordet og sikrar at dei blir løyst raskt og effektivt.

Me kan tilby:

  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønskjer at du skal trivast og lykkast.
  • Ulike system å arbeide i for dei ulike oppgåvene.
  • Ein jobb med faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Moglegheit for andre oppgåver om det høver seg.
  • Eit miljø som me arbeidar med å utvikle fagleg og arbeidsmiljømessig; 17.mai lekar, påskegøy, julekos og mykje meir:) 
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di. 
  • Moglegheiter for eigen utvkling fagleg. 
  • Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering. gunstig mobilabonement og rabatt på treningssenter.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord).
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Kvalifikasjonar:

  • Fagbrev innan kontor og administrasjonsfaget.
    • Relevant erfaring kan kompensera for utdanningskravet.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk.
  • God kunnskap innan IKT, opplæring i program vert gitt etter behov
    • Kjennskap til Visma enterprise og Notus er formålsteneleg men ikkje eit krav 

Personlege eigenskapar:

Du er Serviceinnstilt og trives i Dialogen og Samhandlinga med folk. Du ser Løysingar og kan fremme desse samstundes som du kan Sjå ulike oppgåver å gjera desse. Du likar å Samarbeide med folk på tvers av avdelingar, hus og tenester. Som person er du og Strukturert og handterar å Prioritera når oppgåvene kjem på løpande band (for det kan dei i periodar).

Du kan sjå på utfordringar som spanande og noko dom er driv i eige og andres arbeid. 

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.

 

 

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle. Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

67f6423f-1070-4c4f-8478-397f97eb3db0

Sist endret

14. januar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3575403_229837_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser