Hopp til innhold

Barnehagelærar vikariat 150%

Arbeidsgiver

Sveio kommune

Sted

Tingvegen 29, 5555 Førde i Hordaland

Om jobben

Stillingstittel
Barnehagelærar vikariat 150%
Type ansettelse
Vikariat, heltid og deltid
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 26. mai

Om stillinga

Det er ledig eit 50% vikariat som barnehagelærar i Førde barnehage frå 01.05.2026 - 31.08.2026

Det er ledig eit 100% vikariat som barnehagelærar i Førde barnehage frå 01.05.2026 - 15.02.2027

Om Førde barnehage

Førde barnehage er ein kommunal barnehage som held til i Førdebygda i Sveio kommune. Det er 3 avdelingar med barn i alderen 1-6 år. Vi er midt i ein god utviklingsprosess, kor vi jobbar målretta og systematisk med barnehagen som pedagogisk verksemd med fokus planlegging, evaluering, progresjon og dokumentasjon i det pedagogiske arbeidet. I dette arbeidet samarbeider vi tett med bl.a. høgskulesektoren.


Arbeidsoppgåver

  • Bidra med, og setje i verk det pedagogiske arbeidet i tråd med godt fagleg skjønn
  • Planlegge, gjennomføre og dokumentera, vurdera og utvikla arbeid i høve enkeltbarn og barnegruppa
  • Rettleiing av personale, foreldresamarbeid, tverrfagleg samarbeid
  • Prosjektarbeid/utviklingsarbeid
  • Barnehagelærar har ansvar for sette ut i livet, og leie det pedagogiske arbeidet i tråd med godt fagleg skjønn
  • Barnehagelærar  skal sørge for at barnehagelova og rammeplanen blir oppfylt gjennom det pedagogiske arbeidet
  • Barnehagelærar  har ansvar for leie arbeidet med planlegging, gjennomføring, dokumentasjon, vurdering og utvikling av arbeidet i barnegruppa eller innanføre dei områda han/ho er sett til å leie
  • Barnehagelærar  har ansvar for foreldresamarbeid
  • Barnehagelærar  har ansvar for å legge til rette for og koordinere spesialpedagogisk arbeid og samarbeid rundt barn med spesielle behov
  • Barnehagelærar forpliktar seg til å jobbe i tråd med barnehagen si pedagogiske plattform og kommunen sine faglege satsingar

Kvalifikasjonar

  • Godkjent 3-årig høgskuleutdanning som barnehagelærar, likeverdig med barnehagelærarutdanning er annan 3 åring pedagogisk utdanning på høyskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk. Anna relevant utdanning/praksis kan vurderast
  • Erfaing frå arbeid i barnehage er ein fordel
  • Tilfredsstilliande politiattest må framvisast ved tilsetting
  • Utdanning frå utlandet må vere godkjent frå NOKUT
  • Det er ønskeleg med erfaring i oppfølging av barn med spesielle behov
  • Det er ei forutsetting at søkar har grunnlegjande forståing for og kan nytte IKT som verktøy
  • Norsk er arbeidsspråk i Sveio kommune. Du snakkar, les og skriv så godt norsk at du kan samarbeide med andre og utføre arbeidsoppgåvene dine sjølvstendig
  • Sterk fagleg kompetanse og gode samarbeidsevner
  • Jobbe sjølvstendig, vere løysingsorientert og vise fleksibilitet i arbeidet

Personlege eigenskapar

  • Godkjend barnehagelærarutdanning eller annan relevant utdanning som kvalifiserer for arbeid som barnehagelærar i barnehage
  • Nyfiken, motivert og undrande saman med barn
  • God relasjonskompetanse og god omsorgsevne
  • Sterk fagleg kompetanse og gode samarbeidsevner
  • Interesse for å vidareutvikle deg sjølv og kollegaer
  • Kunne jobbe sjølvstendig, vere løysingsorientert og vise fleksibilitet i arbeidet
  • God forståing og evne til planleggings- og evalueringsarbeid
  • Kreativitet og humor
  • Glad i friluftsliv

Vi tilbyr

  • Utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap. 
  • Eit fagmiljø under utvikling som du får vere med å påverke og utvikle. 
  • Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar. 

Kontaktperson for stillingen

Hilde Lunde Johannessen

Einingsleiar Førde barnehage

+4792890268

hilde.lunde.johannessen@sveio.kommune.no

Om bedriften

Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.

Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.

Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

67562a49-5086-426f-88dc-50278fd99588

Sist endret

5. mai 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10294527

Lignende annonser

Laster lignende annonser