Postdoktor i strukturgeologi
Universitetet i Bergen
Allégaten 41, 5007 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Postdoktor i strukturgeologi
- Type ansettelse
- Åremål, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk, engelsk eller skandinavisk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 16. desember
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAPostdoktor
Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som postdoktor i strukturgeologi med fokus på dei strukturelle, mekaniske og petrofysiske effektane av kolinnblanding langs forkastingar og deformasjonsband i porøse silisiklastiske reservoarbergartar. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, og knytt til prosjektet DEFCOAL, finansiert av Aker BP og Universitetet i Bergen.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Om prosjektet/arbeidsoppgåverProsjektet skal undersøkje effektane av kolinnblanding i deformasjonsband og forkastingar i litologiar som er relevante for reservoar (hovudsakleg sandsteinar frå ulike avsetjingsmiljø), og bidra til ei betre grunnleggjande forståing av korleis struktur, deformasjonsmekanismar, kinematikk, porøsitet og permeabilitet blir påverka når kol og karbonhaldige material er involvert. Hovudmålet skal nåast gjennom ei rekkje delmål basert på analyse av feltdata og prøvar, inkludert:
- Karakterisering av arkitektur og strukturelle uttrykk for kolinnblanda deformasjonsband og forkastingar i felt.
- Innsamling av prøvar frå kolinnblanda forkastingar, deformasjonsband og vertberg for samanliknande petrografisk og mikrostrukturell analyse.
- Karakterisering av mineralogi, kolpetrografi og mikrostruktur for å klargjere kinematikk og deformasjonsmekanismar.
- Eksperimentelle bergartsdeformasjonsstudium av mikrostrukturell, friksjonell og petrofysisk utvikling i sandsteinar med kolinnblanding.
- Måling av porøsitet og permeabilitet i studerte band og forkastingsbergartar.
- Undersøking av termisk historie og eventuelle effektar av skjærvarme på innblanda kol gjennom Raman-spektroskopi og vitrinittreflektans (VR).
Den som får stillinga, skal ta ei leiande rolle i forskinga på desse områda og publisere resultata ope i internasjonale, fagfellevurderte kanalar og presentere på internasjonale konferansar. Vedkomande skal òg delta i andre oppgåver som rettleiing av master- og ph.d.-studentar, og formidling.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha oppnådd ein grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (PhD) innanfor strukturgeologi eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Erfaring frå feltbasert strukturgeologisk arbeid er eit krav.
- Erfaring frå mikrostrukturell karakterisering og analyse er eit krav.
- Erfaring innan noko av det følgjande er ein fordel:
- Deformasjon i porøse klastiske bergartar.
- Mikroanalytisk erfaring med karbonhaldige materiale.
- Optisk, SEM- og katodoluminescensmikroskopi.
- Bilet-analyse.
- Vitrinittreflektansanalyse.
- Raman-spektroskopi.
- Porøsitets- og permeabilitetsanalyse.
- Erfaring frå bergartsdeformasjonsforsøk og/eller numerisk modellering er ein fordel.
- Det er krav om dokumentert evne til å presentere og publisere forskingsresultat på internasjonalt nivå på engelsk.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillingaUiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
Om postdoktorstillinga:
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Åremålsperioden for denne stillinga er 4 år, og 25 % av samla tilsetjingstid er pliktarbeid i samband med forsking, undervisning eller formidling av forskingsresultat. Ingen kan tilsetjast i meir enn ein åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.
Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Vi tilbyr:
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø.
- tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 657 000. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- medlemsskap i Statens pensjonskasse.
- gode velferdsordningar.
Søknaden skal innehalde:
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.
- ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
- relevante attestar.
- liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Professor Atle Rotevatn, Institutt for geovitenskap, UiB, e-post: atle.rotevatn@uib.no, tlf: +47 55583390 eller Dr. Matteo Demurtas, Institutt for geovitenskap, UiB, e-post: matteo.demurtas@uib.no, tlf: +47 92994553.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Mathilde Høgalmen, e-post: mathilde.hogalmen@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
674c8820-c9a5-4a28-9adf-96bf16c74274
- Sist endret
25. november 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10271223
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen
Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Sted
Bergen