Postdoktor i metallorganisk kjemi og elektrokatalyse
Universitetet i Bergen
Christiesgt. 18, 5020 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Postdoktor i metallorganisk kjemi og elektrokatalyse
- Type ansettelse
- Åremål, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 19. mai
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAPostdoktor i metallorganisk kjemi og elektrokatalyse
Ved Kjemisk institutt er det ledig ei stilling som postdoktor i eksperimentell metallorganisk kjemi og elektrokatalyse. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år. Stillinga er del av prosjektet Ammonia Production via Electrocatalytic Processes (AmPEP), som er finansiert av Forskingsrådet, TotalEnergies, Equinor og Universitetet i Bergen (UiB). AmPEP (og dermed stillinga) er òg knytt til Norwegian Centre for Hydrogen Research (HyValue), eit forskingssenter for miljøvenleg energi (FME).
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Ammoniakk er den viktigaste ingrediensen i produksjonen av kunstgjødsel og er òg ein svært lovande karbonfri energiberar. Ammoniakk vert produsert via Haber–Bosch‑prosessen, som krev høge temperaturar og trykk og nyttar hydrogen frå naturgass. Forskargruppa arbeider for å gjere ammoniakkproduksjonen meir berekraftig og miljøvenleg, og utviklar katalysatorar og prosessar for syntese av ammoniakk direkte frå vatn og nitrogen. I eit breiare perspektiv kombinerer gruppa kvantekjemiske innsikter med eksperimentell forsking for å designe, syntetisere og evaluere nye katalysatorar i laboratoriet vårt. Postdoktoren vil bidra til dette breiare initiativet, med særleg fokus på elektrokjemi, elektrokatalyse og prosessutvikling. I tett samarbeid med prosjektgruppa vil kandidaten undersøkje den elektrokatalytiske bruken og regenereringa av Sm(II) og vurdere strategiar for resirkulering av molybdenkatalysatorar i reaksjonssystemet.
I dette reaksjonssystemet fungerer Sm(II) som reduksjonsmiddel og leverer elektrona som trengst for å redusere dinitrogen til ammoniakk. Under denne prosessen vert Sm(II) omdanna til Sm(III), og eit sentralt mål for prosjektet er å utvikle elektrokjemiske metodar for å regenerere Sm(II) frå Sm(III). Ved å oppnå effektiv elektrokjemisk regenerering av Sm(II) vert den samla transformasjonen verkeleg elektrokatalytisk; derfor den sterke vektlegginga av elektrokjemi og elektrokatalytisk metodikk.
Vi søkjer ein høgt motivert postdoktor med solid kompetanse innan elektrokjemi, metallorganisk syntese og katalyse, for å fremje prosjektet.
Den som blir tilsett, vert integrert i eit fagmiljø som omfattar studentar på bachelor- og masternivå, doktorgradsstudentar og postdoktorar. Kandidaten vil såleis ha gode moglegheiter både til å få og gje rettleiing, og til å utvikle leiareigenskapar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Kvalifikasjonar og eigenskapar- Søkjarar må ha oppnådd ein grad tilsvarande ein norsk doktorgrad (PhD) i kjemi eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Kandidatar må dokumentere solid erfaring med:
- avanserte eksperimentelle oppsett innan elektrokjemi og/eller elektrokatalyse.
- syntese av metallorganiske sambindingar.
- Det er ein fordel om søkjaren har erfaring med:
- homogen katalyse.
- arbeid i inert atmosfære (t.d. hanskeboks).
- moderne analyseinstrument, inkludert innsamling og tolking av syklisk voltammetri og andre metodar (t.d. NMR, UV–Vis, FTIR, GC, elementanalyse, røntgendiffraksjon).
- Den som vert tilsett, må ha:
- gode evner til kritisk tenking og skriftleg framstilling.
- evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig, og til å samarbeide med andre.
- gode kunnskapar i både skriftleg og munnleg engelsk.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga. Ved behov vil UiB søkje om eksportlisens før tilbod om tilsetjing vert gitt. Dersom UiB ikkje har motteke positivt svar på søknad om eksportlisens innan 16 veker, kan stillinga verte tilbydd til ein annan søkjar.
Om postdoktorstillinga:
Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskaplege toppstillingar. Kandidatar som manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, vil få høve til kvalifiserande arbeid, anten i åremålsperioden eller gjennom eventuell forlenging av åremålsperioden (maks fire år totalt). Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. I samsvar med Forskingsrådet sine reglar, kan heller ingen tilsetjast fleire gonger i NFR-finansierte postdoktorstillingar.
Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.
Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.
Vi tilbyr:
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
- medlemsskap i Statens pensjonskasse
- tilsetjing som postdoktor (kode 1352) i lønsregulativet til staten. Dette utgjer ei årsløn på kr. 657 000. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål. Dersom du enno ikkje har fullført doktorgraden må du levere ei stadfesting på at avhandlinga er levert.
- relevante attestar
- liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Kristine Spildo, epost: Kristine.Spildo@uib.no, eller professor Vidar Remi Jensen, epost: Vidar.Jensen@uib.no.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgivar Thea Thingnes, thea.thingnes@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c461be6d-59d5-4535-9d2e-1d02f85f2e8d
- Sist endret
30. april 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10293705