Hopp til innhold

Ph.d.-stipendiat i nukleærteknologi

Arbeidsgiver

Universitetet i Bergen

Sted

Allegaten 55, 5007 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Ph.d.-stipendiat i nukleærteknologi
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Engelsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 2. juni

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Ph.d.-stipendiat i nukleærteknologi

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i nukleærteknologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til Centre for Sustainable Applied and Industrialized Nuclear Technology (SAINT), leia av NTNU.


Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

SAINT forskar på sivil kjernekraft som ei nullutsleppsløysing for skipsfart, med mål om å utvikle og teste teknologi for kommersiell bruk og leggje til rette for demonstrasjonsskip tidleg på 2030-talet. Senteret samlar kring 30 aktørar frå heile verdikjeda og vurderer alternative konsept som LFR, MSR og gasskjølte reaktorar. Prosjektet nyttar ulike simuleringsverktøy for å analysere sentrale fysiske fenomen og samanlikne løysingar, med mål om å betre tryggleik, effektivitet og berekraft i framtidig kjernekraftdriven skipsfart.

Kandidaten vil få høve til å arbeide i eit tverrfagleg og internasjonalt forskingsmiljø, med tett samarbeid mellom akademia og industri. Stillinga gir moglegheit til å utvikle avansert kompetanse innan simulering og analyse av kjernekraftsystem for maritime applikasjonar, og til å bidra til forsking med høg relevans for framtidig berekraftig skipsfart. Kandidaten vil òg få høve til å publisere i vitskaplege tidsskrift, presentere resultat på internasjonale konferansar og byggje eit sterkt fagleg nettverk.


 Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i energi og prosessteknologi eller teknisk fysikk. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 30.06.2026. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Praktisk erfaring med, eller kompetanse innan, fluidmekanikk, varmeoverføring og fleirfasestraumar er eit krav.
  • Praktisk erfaring med, eller kompetanse innan, bruk av CFD-verktøy som Star-CCM+, Ansys Fluent eller liknande er eit krav.
  • Praktisk erfaring med, eller kompetanse innan, programmering i Python er eit krav.
  • Praktisk erfaring med, eller kompetanse innan, programmering Matlab er ein fordel.
  • Erfaring med, eller kompetanse innan, CAD-verktøy (t.d. AutoCAD) er ein fordel.
  • Erfaring frå prosjekt innan berekraftige energiløysingar er ein fordel. 
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.


For stillinga gjeldt følgande:

Om stillinga som ph.d.-stipendiat

Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga

Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.


Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 593 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga. 
  • ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. 
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
  • ei prosjektbeskriving (2-3 sider) med eigne forslag til prosjektinnhald og gjennomføring (generiske prosjektbeskrivingar generert av KI kan føre til at søknaden blir vurdert som ugyldig eller ikkje teken til vidare vurdering)
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. 


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Pawel Kosinski, pawel.kosinski@uib.no (Institutt for fysikk og teknologi) eller instituttleiar Kjetil Ullaland, Kjetil.Ullaland@uib.no (Institutt for fysikk og teknologi).

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med Vivian Stegen Jacobsen, vivian.jacobsen@uib.no.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.    

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. 

Nærare om tilsettingsprosessen her.       


Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5

Kontaktpersoner for stillingen

Kjetil Ullaland

instituttleiar

Kjetil.Ullaland@uib.no

Pawel Kosinski

professor

pawel.kosinski@uib.no

Om bedriften

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6e7921e5-0559-42f3-9d4c-9f7fcc47cf4b

Sist endret

12. mai 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10295711

Lignende annonser

Laster lignende annonser