Hopp til innhold

Stipendiat i modellering av kopla geodynamikk – glasial erosjon

Arbeidsgiver

Universitetet i Bergen

Sted

Allegaten 41, 5006 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Stipendiat i modellering av kopla geodynamikk – glasial erosjon
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Arbeidsspråk
Engelsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest mandag 1. juni

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Stipendiat i modellering av kopla geodynamikk – glasial erosjon 

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat innan tektonikk–glasial erosjonsinteraksjon. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning). Stillinga er finansiert av Universitetet i Bergen og knytt til prosjektet «ICICLE», finansiert av Trond Mohn Forskningsstiftelse.


Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Hovudmålet med dette ph.d.-prosjektet er å forstå korleis klima, glasial(-fluvial) erosjon og tektonisk deformasjon verkar saman over geologiske tidsskalaer for å forme fjellkjeder på jorda, med særleg fokus på utviklinga av Noreg og Grønland. Dette vil bli undersøkt ved hjelp av nye kopla geodynamikk–glasial erosjons-modellar. Forskinga vil omfatte:

  • Bruk av kopla geodynamiske–glasiale–fluviale erosjonsmodellar for å kvantifisere utviklinga av inaktive fjellkjeder og samanlikne modellresultat med fjellkjeder på jorda.
  • Integrering av numeriske modellar tilpassa Sør-Noreg og Grønland med eksisterande datasett for å undersøkje korleis landskapa har blitt danna.
  • Presentasjon av resultat på internasjonale konferansar.
  • Publisering av resultat i fagfellevurderte vitskaplege tidsskrift.

Arbeidet vil bli utført ved Universitetet i Bergen, med forskingsopphald ved Aarhus Universitet (Danmark) og ved GFZ Potsdam (Tyskland).

Stillinga er knytt til prosjektet «ICICLE», eit tverrfagleg prosjekt som har som mål å kvantifisere korleis tektonisk deformasjon, glasial–fluvial erosjon og klima verkar saman for å forme fjellkjeder på jorda, ved å integrere nye kopla geodynamikk–glasial erosjons-modellar med utvalde naturlege laboratorium. Prosjektet er leia av Dr Sebastian Wolf, i samarbeid med Prof Ritske Huismans, Prof Ann Rowan, Prof Kerim Nisancioglu (alle UiB, Noreg), Prof Vivi Pedersen (U Aarhus, Danmark), Prof Jean Braun (GFZ & U Potsdam, Tyskland), Dr Guillaume Cordonnier (INRIA, U Côte d'Azur, Frankrike), Prof Dave May (Scripps, UCSD, USA), and Dr Sean Eaves (U Wellington, NZ).


 Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i geovitskap som er relevant for prosjektet. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 01.08.2026. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Opplæring i anten bruk og utvikling av numeriske modellar, eller i ein kvantitativ tilnærming til geovitskap, er eit krav.
  • Grunnleggjande programmeringskunnskapar, til dømes i Python, Matlab eller eit anna programmeringsspråk, er eit krav
  • Erfaring med geodynamisk og/eller landskapsutviklingsmodellering er ein fordel.
  • Erfaring med tektonikk eller glasier-dynamikk er ein fordel.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingserfaring, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

 

Særeigne krav for stillinga

UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.


For stillinga gjeldt følgande

Om stipendiatstillinga: Stipendperioden er på tre år, med opning for eit fjerde år avhengig av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Dersom eit fjerde år blir bestemt, vil éitt årsverk som består av karrierefremmande arbeid knytt til undervisning, formidling og forskingsinfrastruktur/tenester, bli fordelt over den samla tilsetjingsperioden og slik tilsvare 25 % av tida kvart år.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga: Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på tre år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.


Vi tilbyr

  • Eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
  • Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 568 700. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • ei detaljert grunngjeving av kvalifikasjonane dine i høve til dei oppførte krava, og korleis du oppfyller kvart kriterium. I tillegg bør du adressere dei nemnde "fordelane", då desse vil bli vurderte ved rangeringa av kandidatane.
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve. 
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
  • relevante attestar
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • Masteroppgåva di, eller tilsvarande
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenkjer)

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.


Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:  Sebastian Wolf, Institutt for geovitenskap, sebastian.wolf@uib.no

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgiver Mathilde Høgalmen, Mathilde.hogalmen@uib.no.

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.    

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.       


Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5

Kontaktperson for stillingen

Mathilde Høgalmen

HR adviser

+47 55583692

mathilde.hogalmen@uib.no

Om bedriften

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Fakultet for naturvitenskap og teknologi består av sju institutt og en rekke sentre. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

bc6cc129-79e0-4cfb-8b36-99460be8ca68

Sist endret

13. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10290900

Lignende annonser

Laster lignende annonser