Pleieassistent 3. kvar helg
Nevroklinikken, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
- Oppstart
- 17. august 2026
- Stillingstittel
- Pleieassistent 3. kvar helg på Nevrologisk avdeling
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 20%
- Antall stillinger
- 7
Søk på jobben
Søk senest mandag 7. september
Nevroklinikken har eit spennande, utfordrande og triveleg arbeidsmiljø. Vi legg stor vekt på kontinuitet i behandlinga av pasientane våre og fagleg utvikling for dei tilsette.
Spinaleininga har 12 senger og tar i mot ryggmargsskadde pasientar frå Helseregion Vest til primærrehabilitering og livslang oppfølging. Pasientane våre har skadar i rygg/nakke, som fører til ulike lammingar og funksjonstap. Vi tar i mot både nyskadde og pasientar til oppfølging. Eininga held til i trivelege lokale, med mange tekniske hjelpemiddel som gjer at det er godt lagt til rette for vår brukargruppe og dei tilsette.
Nevrologisk akuttpost har 30 sengeplassar inkludert nevroovervaking med 4 senger. Akuttposten er delt inn i 3 lag: Kronikareining, Generell eining og Slageining. Kronikareininga tek for det meste imot pasientar med hjernesvulstar, Parkinsons sjukdom og ALS. Utgreiing, behandling og palliasjon er hovudoppgåver ved eininga. Systematisk overvaking og akuttbehandling i kombinasjon med tidleg rehabilitering er oppgåver som står i fokus hos Slageininga. Generell eining greier ut og behandlar pasientar med epilepsi, Ischias/lumbago, ulike typar hovudpine, betennelser i det perifere og sentrale nervesystemet, borrelia, myasteni og MS. Godt, tverrfagleg samarbeid er et viktig prinsipp i pasientbehandlinga hos oss.
Nevrokirurgisk avdeling har 25 senger inkludert ei overvakingseining på 9 senger (NOVA). Vi har ansvar for diagnostisering og nevrokirurgisk behandling av skadar og sjukdommar i hjerne, nakke og rygg. Vi behandlar både vaksne og barn, og har nasjonal behandlingsteneste for strålekniv og pasientar med vestibularisschwannom.
Vikariata er for 12 månader med oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Pleie og pasientoppfølging på post
- Det blir forventa at du i tillegg jobbar i minst 4 veker 100% stilling i sommaravviklinga
Kvalifikasjonar
- Det er eit krav at du har pleieerfaring
- Du må ha gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du må vere utadvent og pasientorientert
- Du må trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team og like varierte utfordringar
- Du må ha gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Åse Humberset, Seksjonsleiar Nevrokirurgisk sengepost, 55975662, ase.humberset@helse-bergen.noTori Lunde, Ass.seksjonsleiar Spinaleininga, 55976045, tori.lunde@helse-bergen.no
Laila Kvalvåg, Seksjonsleiar, 55975041
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5143493829
Stillingsprosent: 20%
Vikariat
Startdato: 17.08.2026
Sluttdato: 22.08.2027
Søknadsfrist: 07.09.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Laila Kvalvåg
Seksjonsleiar
55975041
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
66fe45ec-2a34-4f60-9297-cb18395c7b74
- Sist endret
9. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
fa1b51a79ebf4f51ae0f5a4c9ccadd76