Hopp til innhold

Pleieassistent til helgestilling

Arbeidsgiver

Medisinsk post 5 vest, Helse Bergen HF, Medisinsk klinikk

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Pleieassistent 15% - på tvers i medisinsk klinikk
Type ansettelse
Fast, deltid 15%
Antall stillinger
3
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 2. august

Medisinsk klinikk ønsker å tilsette sjukepleiarstudentar, helsefagarbeidar og medisinstudentar på alle våre sengepostar. Vi ønsker å vere med å bygge din kunnskap og kompetanse ved at du blir tilsett fast på ein sengepost, men vil og kunne arbeide på andre postar ved behov. Vi ønsker på denne måten å styrkje helgebemanninga på postane. Vi lyser ut 3 faste helgestillingar på 15% med arbeid gjennomsnittleg kvar 3. helg for deg med pleieerfaring. 

Vi kan tilby opplæring og kompetanse innan det indremedisinske feltet, og ved å jobbe på ein av våre sengepostar vil du kunne utvikle deg og få kunnskap som kan hjelpe deg vidare i jobb i klinikken. 

Dei ulike postane vi kan tilby jobb på er: Medisin 5 vest, seksjon for infeksjonssjukdommar.


Arbeidsoppgåver

  • Stell og pleie, samt gi god omsorg for pasient og pårørande
  • Matservering
  • Skylleromsarbeid
  • Forefallende arbeid i avdelingen
  • Fastvakt

Kvalifikasjonar

  • Meistre norsk skriftleg og munnleg
  • Må ha relevant praksis frå helsesektoren, og gjerne sjukehuserfaring
  • Kunnskap om Medisinsk teknisk utstyr og IKT system (Dips og Meona)

Personlege eigenskapar

  • Du tilpassar deg lett og er løysingsorientert og fleksibel
  • Gode kommunikasjonseevner
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team 
  • Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt 
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du er god til å sjå kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp 
  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet

Vi tilbyr deg

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
  • Fagleg og personleg utvikling


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Hege Cecilie Sørby, Seksjonsleiar, +47 55 97 37 03

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5150695215
Stillingsprosent: 15%
Fast
Søknadsfrist: 02.08.2026

Kontaktperson for stillingen

Hege Cecilie Sørby

Seksjonsleiar

+47 55 97 37 03

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

4a94929f-e9c1-4fb7-a95a-c8eaa32508ac

Sist endret

30. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

f5d5193fbc6346a0ac4216be85a5d0d2

Lignende annonser

Laster lignende annonser