Hopp til innhold

Pleieassistent

Arbeidsgiver

Medisinsk klinikk/ Medisinsk overvakingseining (MOE) - Medisin post 6, Helse- Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
KOPI AV Pleieassistent
Type ansettelse
Fast, deltid 15%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 16. august

Seksjon for infeksjonssjukdommar, Medisinsk overvakingseining /MOE - Medisin post 6 har ledig 2 faste stillingar i 15% på helg frå hausten. 

Dei fleste som kjem til MOE har har alvorlege infeksjonar/indremedisinske problemstillingar. Vanlege diagnosar er sepsis, endokarditt, djupe sårinfeksjonar, tuberkulose, tropeinfeksjonar, CNS infeksjonar m.m. Posten har 10 senger. Desse er fordelt mellom 4 einerom og ei tosengstue som og kan nyttast som luftsmitteisolat. og ei overvakingstue med plass til 4 pasientar. , Pasientar kjem enten via akuttmottak eller fra ei av dei medisinske postane ved behov for overvaking. 

Overvakingseininga (MOE) utgjer nivået mellom intensivmedisin og vanleg medisin. Her behandlast alvorleg sepsis og andre livstruande infeksjonar, ketoacidose, GI blødningar og elektrolyssforstyrringar og generell  indremedisin som krev overvaking. Vi kan gi avansert behandling og overvaking med arteriekran/ skop, Cpap/ Bipap, tracheostomi, administrering av avanserte medikament som vasopressor. I tillegg har posten ansvar for pasientar med meningitt som kjem direkte på post.

Arbeidsdagen er prega av eit aktivt fagleg miljø med godt tverrfarleg samarbeid, medisinske utfordringar, akuttmedisinske problemstillingar og i periodar høgt tempo. Arbeidsmiljøet er prega av høg kompetanse.

Arbeidsoppgåver

  • Stell, pleie og omsorg for pasientar
  • Observasjon av vitale parametre ved overvaking og ved fastvakt
  • Skylleromsarbeid, og holde orden i avdelinga
  • Tverrfagleg samarbeid med dei andre yrkesgruppene i avdelinga

Kvalifikasjonar

  • Ein søker etter hjelpepleiar/helserfagarbeidar/sjukepleiestudentar/pleieassistentar med erfaring innan sjukehus og med interesse for
    infeksjonssjukdommar og akutt sjuke
  • Helsefagarbeidar/hjelpepleiar må ha norsk autorisasjon
  • Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg 

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og å vere fleksibel
  • Interesse for infeksjonsmedisin og akutt/ intensivmedisin
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Ansvarsbevisst
  • Ha respekt for kvar enkelt pasient
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktig pensjonsordning

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Hilde Margrethe Sørås Dale, Seksjonsleiar, 55973722

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5154940833
Stillingsprosent: 15%
Fast
Søknadsfrist: 16.08.2026

Kontaktperson for stillingen

Hilde Margrethe Sørås Dale

Seksjonsleiar

55973722

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ab357df6-eec6-4188-a525-e0d889d54b91

Sist endret

13. juli 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

4da649bdd1d04a319236d9133998498d

Lignende annonser

Laster lignende annonser